Magne Fure admdir Fiskevegn Norfishing 2022 foto Ogne
HELD FARTEN OPPE: Administrerande direktør Magne Fure i Flatraket fortalde om eit god start då NETT No møtte han på Nor-Fishing sommaren 2022 og også hausten ble bra viser årsrekneskapen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Godt år for Fiskevegn

Oppsving i fjor etter labert 2021.

05.07.2023

Mot slutten av 2020 hamstra kundane til Fiskevegn fiskeutstyr og - anlegg for å vere sikre på å ha nok i koronatida. Det gjorde at salet gjekk ned i 2021, men i fjor kom marknaden attende.

Ein god start på 2022 held heilt i mål. Berre i 2018 og 2020 har Fiskevegn hatt høgare driftsinntekt enn i 2022.

Hovudkontor på Flatraket
Fiskevegn har spesialisert seg på liner og tauverk til linefisket og søsterselskapet BFG (Best Fishing Gear) lagar automatiske linesystem. Dei to selskapa - med 40 tilsette - er dei viktigaste i Fiskevegn-konsernet, som har hovudkontor og hovudanlegg på Flatraket i Stad kommune.

Konsernet hadde 44 tilsette i fjor.

I tillegg til selskapa i Noreg eig Fiskevegn-konsernet 50 prosent i eit selskap med fabrikk i Latvia, med råvare og delproduksjon. Det selskapet gjekk med 0,7 millionar kroner i overskot i fjor.

Fiskevegn as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt107,086,0
Driftsresultat7,4-1,0
Resultat før skatt9,66,8

Betre lønsemd
I 2021 gjekk Fiskevegn i minus på drifta, men med overskot takka vere finansinntektene (sjå tabell).

I fjor blei driftsinntektene kraftig betra, men finansinntektene blei ikkje like høge.

Konsernet hadde ein bokført eigenkapital på 79 millioner kroner ved utgangen av 2022. Gjelda var 26 millionar kroner der kortsiktig gjeld utgjer 23 millionar, medrekna eit utbytte til eigarane på fire millionar. 13,5 millionar kroner sto på bankkontoen ved utløpet av 2022, opp frå 7,5 millionar i 2021.

Fiskevegn har to eigarar som eig selskapet 50/50, Helge Solheim Holding og Mustad Sealine as. Helge Solheim på Flatraket og familiemedlemer eig Helge Solheim Holding. Mustad Sealine er ein del av konsernet Leica Invest, eigd av Hans Holth Mustad i Oslo og familiemedlemer.

Publisert: 05.07.2023 11:46

Sist oppdatert: 05.07.2023 15:03

Mer om