Magne Fure admdir Fiskevegn Norfishing 2022 foto Ogne
REKYL: Redusert sal i 2021 slår ut i vekst i år for Fiskevegn-sjef Magne Fure og kollegane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppsving etter koronabrems

Første halvår i år er eitt av dei beste Fiskevegn har hatt. Sjå resultatoversikt for utstyrsleverandørane.

28.08.2022

På slutten av 2020 hamstra kundane til Fiskevegn inn varer for å vere sikre på å ha nok. Det slo negativt ut i fjor, men i år er det oppsving.

- Vi har eit godt første halvår, på nivå med det høgaste vi har hatt, seier administrerande direktør Magne Fure i Fiskevegn om driftsinntektene så langt i år.

Resultatoversikt for utstyrsleverandørar til fiskeri og oppdrett under saka

Fiskevegn har spesialisert seg på liner og tauverk til linefisket og søsterselskapet BFG (Best Fishing Gear) lagar automatiske linesystem. Dei to selskapa - med 40 tilsette - er dei viktigaste i Fiskevegn-konsernet, som har hovudkontor og hovudanlegg på Flatraket i Stad kommune.

I tillegg til selskapa i Noreg har Fiskevegn-konsernet eit datterselskap med fabrikk i Latvia, med råvare og delproduksjon. Driftsinntektene til selskapet i Latvia var omlag 35 millionar kroner i fjor.

Hamstringa
Koronapandemien og smitteverntiltaka mot den forseinka både produksjon og transport, og fleire av kundane til Fiskevegn hamstra inn utstyr på slutten av 2020 for å vere sikre på å ha det dei trengde. Konsekvensen av det vart mellom anna at kundane kunne bruke av lagera sine i 2021, som i sin tur gjorde at Fiskevegn fekk mindre å gjere.

- Vi vart litt offer for hamstringa i 2020, seier Fure.

To store konkurrentar i bransjen for garn, nøter, liner, teiner og anna utstyr fiskarane treng for å få fangsten ombord - Selstad-konsernet i Måløy og Mørenot-konsernet på Sunnmøre har tidlegare annonsert ambisiøse vekstplanar.

Dei har også blitt større (sjå tabell under), men Fure seier Fiskevegn ikkje har merka nokon effekt av at dei store er blitt enda større.

-For vår del er det business as usual, seier Fure.

Dobbel så stor
Selstad-konsernet har hatt den høgaste veksttakta dei siste åra. Veksten har kome frå ein kombinasjon av oppkjøp og organisk vekst.

- Frå 2019 til 2021 så dobla Selstadgruppa seg, seier dagleg leiar og medeigar Hans Petter Selstad.

Det er ein del av ein generell trend, etter Selstad si vurdering, og Selstad-konsernet har ein vekststrategi også framover.

- Over tid har det blitt færre av dei små og mellomstore bedriftene, seier Hans Petter Selstad.

Innan fiskeri ventar Selstad ein stabil marknad på verdsbasis, fordi det globale uttaket av fisk er stabilt, men innan oppdrett trur han marknaden blir større.

Medan Selstad har gått med overskot under veksten har Mørenot-konsernet til gode å legge fram eit reknskap med plussresultat etter at investeringsfondet FSN Capital V kjøpte seg opp til å bli dominerande eigar i 2018.

Men resultatet blei kraftig betra i fjor, og resultatforbetringa til Mørenot frå 2020 til 2021 gjer og at bransjen samla sett gjekk i pluss i fjor (sjå tabell).

Mørenot-konsernet hadde 1,15 milliardar kroner i driftsinntekter i 2019 og 1,34 milliardar i 2021.

Kom seg også innomhus
Presenningprodusenten Plany i Sande var spent på korleis selskapet ville klare seg når meir oppdrettsverksemd flytte inn i lukka anlegg og inn i bygg på på land.

Det har vist seg at oppdrettarane treng presenning-produkt også der, og det ein av grunnane til at aktiviteten i Plany har auka så mykje at selskapet treng fleire tilsette.

– Etter fyrste halvår i år ser vi rekordhøge omsetningstal, og på fleire avdelingar må vi køyre med skift for å greie å ta unna ordrane, seier dagleg leiar Kjell-Åge Saure til avisa Vestlandsnytt.

For Frøystad gjorde forseinka vareleveransar, kostnadsauke og kostnadar med digitalisering og etablering av nye avdelingar at selskapet gjekk i minus i fjor.

- Vi har stabilisert situasjonen, og vi ser no resultatet av både digitalisering og nye avdelingar, sa dagleg leiar og største aksjonær, Geir Bakke, til NETT NO tidlegare i sommar.

Utstyrsleverandørar til fiskeri og oppdrett
Tal i mill. kroner
(K)=Konsern
DriftsinntektResultat før skatt
Selskap20212020
Mørenot (K)1335,11260,1-18,7-83
Selstad Holding (K)1003,4836,154,743,6
Fiskevegn (K)861166,815,7
Frøystad54,448,1-2,61,6
Plany35,829-0,7-0,4
Fosnavåg Notbøteri2121,421,2
Sum2535,72310,741,5-21,3

Publisert: 28.08.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2022 11:37

Mer om