Sandanger i Gjerdsvika driv produksjon og sal av sjømatprodukt som fiskekaker, -bollar og -burger i tillegg til makrell i tomat blant anna.
Sandanger as er eigd 100 prosent av Maritim Food, Fredrikstad, og som igjen er eigd av det finske, børsnoterte konsernet Apetit Plc.
Maritim Food Gruppen består av tre produksjonseinheiter lokalisert på Sunnmøre, Fredrikstad og Sverige. Gruppa utviklar, produserer og marknadsfører foredla sjømat og dressing. Gruppa har dei siste åra hatt sterk vekst. Maritim Food Gruppen har i dag ca. 110 ansatte fordelt på dei tre produksjonsanlegga, og omset for ca. 300 millionar kroner.
- Vi hadde eit veldig godt år i fjor, mot tre foregåande år som ikkje var like hyggelege. Hovedgrunnen til at vi har hatt ei stor omsetningsvekst, er vekst i salet av høgkvalitets-fiskemat - fiskekaker og fiskeburgarar med 80 prosent fiskeandel, seier dagleg leiar Jan Brevik.
Den gode utviklinga har fortsatt også i år, så langt er salsveksten på desse produkta på 75 prosent.
Dermed har fabrikken i Gjerdsvika god kapasitet til å ta unna vidare vekst.
- Ja, eg er ikkje redd for å auke produksjonen med 20-30 prosent. Vi rustar oss derfor for vidare vekst, seier Brevik.
Det er Norgesgruppen som er hovedkunden når det gjeld denne fiskematen og som dei ifølgje Brevik har eit godt samarbeid med.
- Det er ein trend at folk vil ha sunn mat, og det drar vi nytte av med denne høgkvalitets-fiskematen.
Sandanger har ca. 45 tilsette.
I 1948 valde bedrifta å utvide produksjonen til også å omfatte anna fiskemat. På 1970-talet gjekk bedrifta over til kun å konsentrere seg om fiskeprodukt.
Sandanger as er eigd 100 prosent av Maritim Food, Fredrikstad, og som igjen er eigd av det finske, børsnoterte konsernet Apetit Plc.
Maritim Food Gruppen består av tre produksjonseinheiter lokalisert på Sunnmøre, Fredrikstad og Sverige. Gruppa utviklar, produserer og marknadsfører foredla sjømat og dressing. Gruppa har dei siste åra hatt sterk vekst. Maritim Food Gruppen har i dag ca. 110 ansatte fordelt på dei tre produksjonsanlegga, og omset for ca. 300 millionar kroner.
Snudde underskot til overskot
I fjor lukkast Sandanger å auke omsetninga frå 66 millionar til 83 millionar kroner. Dermed gjekk driftsresultatet frå underskot til eit overskot på 5,5 millionar kroner. Resultat før skatt vart 4,5 millionar, mot eit underskot på 1,3 millionar i 2014.- Vi hadde eit veldig godt år i fjor, mot tre foregåande år som ikkje var like hyggelege. Hovedgrunnen til at vi har hatt ei stor omsetningsvekst, er vekst i salet av høgkvalitets-fiskemat - fiskekaker og fiskeburgarar med 80 prosent fiskeandel, seier dagleg leiar Jan Brevik.
Den gode utviklinga har fortsatt også i år, så langt er salsveksten på desse produkta på 75 prosent.
Meir effektivt
- Når vi då får meir volum, driv vi også fabrikken meir effektivt. I tillegg har vi gjort investeringar i maskiner og utstyr for rundt 5-6 millionar kroner årleg siste par åra, og det investeringsnivået vil vi også ligge på i år.Dermed har fabrikken i Gjerdsvika god kapasitet til å ta unna vidare vekst.
- Ja, eg er ikkje redd for å auke produksjonen med 20-30 prosent. Vi rustar oss derfor for vidare vekst, seier Brevik.
Det er Norgesgruppen som er hovedkunden når det gjeld denne fiskematen og som dei ifølgje Brevik har eit godt samarbeid med.
- Det er ein trend at folk vil ha sunn mat, og det drar vi nytte av med denne høgkvalitets-fiskematen.
Sandanger har ca. 45 tilsette.
Historikk
Selskapet vart etablert i 1932 og då var det ein landhandel og eit gardsbruk der det vart produsert kjøt- og fiskehermetikk.I 1948 valde bedrifta å utvide produksjonen til også å omfatte anna fiskemat. På 1970-talet gjekk bedrifta over til kun å konsentrere seg om fiskeprodukt.
Den gode utviklinga har fortsatt også i år, så langt er salsveksten på desse produkta på 75 prosent
Publisert: 18.08.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59