Kenneth Langvatn foto Silje Giske 11
VENTAR VEKST: Giske-ordførar Kenneth Langvatn viser til at talet på eldre vil doble seg fram mot 2040, med tilsvarande auke i behovet for tenester – særleg innan demensomsorg. Kommunen har i dag lågast helse- og omsorgsutgifter i regionen. Foto: Silje Giske
Nytt

Har teke grep før eldrebølgja – gir lågare utgifter

– Handlar om å vere førebudd og bruke ressursane best mogleg over tid, seier Giske-ordføraren. Kommunen er best i klassa på Nordvestlandet.

Marius Rosbach
06.04.2026

Det er store skilnader i korleis kommunane på Nordvestlandet handterer utgiftene til den komande eldrebølgja. Det er også store skilnader i kva føresetnader dei har med ulik geografi, samansetning av befolkning og historia til økonomien deira. 

Ordførar Kenneth Langvatn i Giske peikar på at kommunen over fleire år har arbeidd målretta med å tilpasse helse- og omsorgstenestene til framtidige behov – samtidig som kostnadsnivået er halde nede.

– Arbeidet handlar om å vere førebudd og bruke ressursane best mogleg over tid, seier han.

Giske er den av kommunane på Nordvestlandet som har lågast utgifter til helse- og omsorgstenester per innbyggar. Utviklinga frå 2020 til 2025 viser at dei samtidig har hatt den lågaste veksten i slike utgifter blant kommunane i Nett No sitt dekningsområde på Sunnmøre, i Romsdal og i Nordfjord. 

Utgiftene per innbyggjar har auka med 26 prosent i perioden, mot til eksempel 39 prosent i Ørsta, 41 prosent i Volda og 49 prosent i Fjord.

I 2025 ligg Giske også klart lågast i kostnadsnivå, med 34.038 kroner per innbyggjar. Ørsta og Volda ligg rundt 45.000 kroner, medan Fjord er oppe i over 75.000 kroner.

Langvarig arbeid etter Robek
Giske kommune var i Robek-registeret i seks år fram til 2022. Ordføraren meiner det har prega arbeidet til kommunen i etterkant. 

– Vi har hatt sterk merksemd på kostnadsnivå i alle sektorar, og brukt tid på å omstille tenestene før utfordringane treff for fullt, seier Langvatn.

I 2025 leverte kommunen eit netto driftsoverskot på 26,7 millionar kroner, og trefte nesten på budsjett. Avviket var på om lag éin million kroner av eit budsjett på 680 millionar.

Vi har hatt sterk merksemd på kostnadsnivå i alle sektorar
Kenneth Langvatn

Omorganisering og klare prioriteringar
Giske kommune har ikkje lagt ned institusjonsplassar dei siste 10–15 åra.

I staden er helse- og omsorgstenestene omorganiserte for å bruke ressursane meir effektivt. Sektoren er delt i to omsorgsdistrikt, der begge har ansvar for heildøgns omsorg, medan eitt distrikt også handterer heimebaserte tenester.

– Vi får brukt bemanninga meir fleksibelt på tvers av tenestene, seier Langvatn.

Giske har også innført faste kriterium for tildeling av tenester, basert på faglege vurderingar som gjeld likt for alle innbyggjarar.

– Det gir likebehandling og betre prioritering av ressursane, seier han.

I tillegg har kommunen etablert ei eining for samhandling og koordinering.

– Betre flyt mellom tenestene gir meir samanhengande tilbod for brukarane og meir effektiv drift, seier Langvatn.

Systematisk arbeid med sjukefråvær
Sjukefråværet i helse- og omsorgssektoren i Giske er på 8,24 prosent hittil i år, og har gått ned siste tre åra.

Arbeidet omfattar tett oppfølging av tilsette, dialog med medarbeidarar med høgt fråvær, tilrettelegging av arbeidssituasjon og samarbeid med Nav arbeidslivssenter og HR.

Leiinga jobbar også med turnusordningar som skal gi høgare stillingsprosent og betre arbeidsmiljø.

Per Are Sorheim foto Hoyre
MEIR KREVJANDE: Ordførar Per Are Sørheim i Ørsta erkjenner at kommunen har utfordringar. Ørsta ligg «midt på treet» når det gjeld utgiftar til helse og omsorg per innbyggar. Foto: Høyre

Ørsta: – Har teke heisen rett opp
I Ørsta har utviklinga vore meir krevjande. Ordførar Per Are Sørheim seier kommunen over tid har hatt eit høgare kostnadsnivå enn samanliknbare kommunar.

– Vi ligg om lag 40 millionar kroner over snittet innan pleie og omsorg, seier han.

Han peikar på både strukturelle og organisatoriske årsaker. Nokre av dei heng saman med kommunesamanslåinga heilt tilbake i 1964. 

Det gjer at kommunen har fleire helse og omsorgsinstitusjonar, i Ørsta sentrum, Vartdal og Sæbø.

Kommunen har fleire helse og omsorgsinstitusjonar, både i Ørsta sentrum, Vartdal og Sæbø. Han meiner det er krevjande å gjere endringar då det fort handlar om identitet meir enn tenestetilbodet.

Sørheim meiner kommunen i for stor grad har prioritert tunge tiltak framfor førebygging.

– Vi har teke heisen rett opp i toppen av innsatstrappa. Vi må jobbe meir for at folk kan bu heime lengre og klare seg med eit lågare tenestetilbod, seier han. 

Meiner det trengst sterkare styring
Ørsta-ordføraren trekk også fram utfordringar med bemanning, turnus og sjukefråvær, i tillegg til etablering av ein tydlegare kvalitetsstandard og sterkare økonomistyring. 

Kommunen har sett i gang arbeid med årsturnus for betre fordeling av kompetanse. Dei jobbar óg med å styrke leiinga gjennom heile organisasjonen.

Samtidig har Ørsta hatt sterk vekst i kostnader knytt til yngre brukarar, mellom anna gjennom BPA-ordningar og omfattande tenestebehov.

Sørheim legg ikkje skjul på at den økonomiske situasjonen er pressa. Kommunen gjekk med underskot i 2024 og 2025, og kan vere på veg inn i Robek.

– Vi må både redusere kostnader og omstille tenestene, seier han.

Terese Jemtegard Moen Foto Senterpartiet
BRUKAR MEST: Ordførar Terese Jemtegård Moen i Fjord leiar den kommunen på Nordvestandet som brukar mest penger på helse og omsorg per innbyggar. Det er naturlege forklaringar, påpeiker ho. Foto: Senterpartiet

Geografi og beredskap driv kostnader
Fjord kommune har det høgaste utgiftsnivået av kommunane på Nordvestlandet, med 75.328 kroner per innbyggjar i 2025.

Ordførar Terese Jemtegård Moen peikar på geografi og beredskap som hovudforklaringar.

– Vi har lange avstandar og er avhengige av ferje som ikkje går heile døgnet. Det set klare grenser for korleis vi kan organisere tenestene, seier ho.

Kommunen har samla delar av tenestene i tre omsorgshub-ar i Valldal, Eidsdal og Stordal, mellom anna etter samanslåinga av Norddal og Stordal.

– Vi ønskjer å utvikle desse som sentrale punkt for tenester, men samstundes oppretthalde busetnad i bygdene, seier Moen.

Kommunen brukar delar av ekstrainntektene sine på å halde oppe desentraliserte tenester.

– Vi bur slik til i ein del plassar i Norge at ikkje alt kan sentraliserast. I Fjord produserer vi mat og kraft til heile Nordvestlandet. Ein er nøydd til å ha folk til å bu her. Noko anna er også dårleg beredskap, seier ordføraren. 

Fleire eldre flyttar mot sentrum
Samtidig arbeider Fjord med å leggje til rette for at fleire eldre kan bu heime lengre, mellom anna gjennom bustadutvikling i samarbeid med private aktørar.

– Fleire vel no å flytte til meir sentrumsnære bustader, noko som kan redusere behovet for omfattande heimetenester, seier ho.

Moen peikar også på at små kommunar er sårbare for store utslag.

– Éin ressurskrevjande brukar kan gi store økonomiske konsekvensar på kort tid, seier ho.

Fjord hadde eit mindre underskot i 2025 og jobbar med å styrke økonomien, planlegge heilskapleg og omstille seg for å møte framtida, ifølgje Moen.

Publisert: 06.04.2026 05:00

Sist oppdatert: 05.04.2026 22:09

Mer om