Rekordaar for Sigrid
ÅLESUND: Inntektsvekst i 2021 for Sigrid Solbakk Raabe Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons
Nytt

Godt år for Sigrid

Nesten dobla omsetninga i fjor, etter stort fall i 2020.

01.08.2022

Ålesund-artisten Sigrid Solbakk Raabe sitt heileigde selskap Sala Music omsette i fjor for 13,9 millionar kroner, opp frå 7,3 millionar kroner året før.

Resultatet før skatt enda på 5,5 millionar kroner, opp frå 2,2 millionar i 2020.

Trass omsetningsveksten, er det eit godt stykke igjen til toppåret 2019 då Sigrid omsette for over 30 millionar kroner.

Sala Music
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 13,9 7,3
Driftsresultat 4,9 2
Resultat før skatt 5,5 2,2

Mot normalår
Etter koronautfordringar med avlyste konsertar, er 2022 det første året sidan 2019 at Sigrid kan drive tilnærma normal konsertverksemd, også med eit nytt album.

I 2020 betalte forøvrig Sigrid tilbake 3,25 millionar kroner i koronastøtte ho hadde fått med Kulturdepartementet. Styreleiar Håkon Raabe, far til Sigrid, opplyste då at ein hadde søkt om støtte på eit tidspunkt då det var stor uvisse om korleis 2020 kom til å gå, men valde å betale tilbake støtten då ein såg at ein likevel gjekk med overskot dette året.

Lavt utbyte
Av årsrapporten for det Giske-registrerte selskapet går det fram at samla gjeld er redusert frå 16,9 til 3,2 millionar kroner.

Samstundes er eigenkapitalen auka til 6,3 millionar.

Sigrid Solbakk Raabe er eineeigar av Sala Music, og er einaste tilsette. Lønskostnadene for 2021 var på vel 1,5 millionar.

For 2021 tar Sigrid ut eit utbyte på beskjedne 86.000 kroner, mot 4,7 millionar kroner året før. Ifølgje Håkon Raabe vart det utbytet brukt til å kjøpe leilegheit.

I tillegg til dagleg leiar Sigrid og styreleiar Håkon Raabe, består styret av mor Anette Sølberg Solbakk og advokat Pedro Fasting.

Publisert: 01.08.2022 05:30

Sist oppdatert: 01.08.2022 05:52

Mer om