Energy duchess
QIDONG: Her eit bilde frå då Golden Energy Offshore Services overtok Golden Duchess. Frå venstre elektrikar Hans Jacob Nystrøm, kaptein Rune Handberg og maskinsjef Steinar Jensen. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Får ny betalingsutsetjing frå kinesisk verft

Det Ålesund-baserte offshoreselskapet slit med å betale to kinabygde PSV-ar.

30.06.2021

Golden Energy Offshore Services slit med å betale for dei to PSV-ane Energy Empress og Energy Duchess.

No er det inngått ny betalingsutsetjing med det kinesiske verftet Nantong Rainbow Offshore & Engineering (ROC). Det opplyser Golden Energy Offshore i ei børsmelding.

Dei to 84 meter lange Ulstein-designa PSV-ane vart overtatt sommaren 2019, men nedturen i offshoremarknaden har ført til at båtane periodevis har lege i opplag.

No har derimot Ålesund-selskapet tre av sine båtar i aktivitet i spotmarknaden.

Viktig avtale
I børsmeldinga opplyser selskapet at ein er i ein anstrengt økonomisk situasjon.

I utgangspunktet skulle selskapet betale ROC første avdrag for ein bareboatavtale dei to partane har inngått, men no er denne betalinga utsett i eitt år.

Summen selskapet skulle betale er på vel 8,6 millionar US dollar. I tillegg kjem ubetalt leige frå juli 2020 til mai 2021.

Golden Energy Offshore Services opplyser at styret er i dialog med andre kreditorar for å sikre den vidare drifta.

- Avtalen med ROC er ein viktig milepåle for å finne ei total løysing, skriv selskapet.

Børshopp
Ålesund-selskapet er av børsvinnarane onsdag etter at avtalen vart kjend.

Selskapet er opp sju prosent til 0,92 kroner aksjen. Det prisar selskapet til 42 millionar kroner.

Toppnoteringa i år er på 2,00 kroner frå januar, medan aksjen på det høgaste har votrte handla til 6,50 kroner.

Publisert: 30.06.2021 11:50

Sist oppdatert: 30.06.2021 14:10

Mer om