Golden energy per ivar fagervoll psv duchess 11
STORT 2020-UNDERSKOT; Golden Enegy-sjef Per Ivar Fagervoll la i helga fram ein årsrapport som viser eit stort underskot. Reiarlaget har ikkje batalt avdraga på Energy Empress og Energy Duchess (bilde) og er i forhandlingar med kreditorane. Foto: Golden Energy
Nytt

Klarer ikkje betale skipa

Kritisk for Golden Energy, men reiarlaget håpar tre av fire skip er ute av opplag i løpet av juni.

Marius Rosbach
31.05.2021

Golden Energy Offshore Offshore Services la i helga fram rekneskapen for 2020, som viser at Ålesund-reiarlaget kjempar for å halde seg flytande i den krevjande oljeservicemarknaden.

I ein situasjon med aukande gjeld og ubetalte rekningar, påpeiker leiinga at dei er avhengig av støtte frå kreditorane. Stram likviditet er den største utfordringa, ifølgje årsrapporten.

Om ikkje kreditorane held fram med si støtte for leiinga si plan, vil selskapet truleg søke vern frå domstolane for å finne ei løysing.

Håpar på fornybarmarknaden
Reiarlaget eig fire forsyningsskip, Energy Swan, Energy Empress, Energy Duchess og Energy Scout. Dei tre siste var i opplag mesteparten av fjoråret.

Selskapet vil ta Energy Duchess ut av opplag i starten av juni, og venter at tre av fire skip vil bli reaktivert i løpet av same månad.

Dei undersøker samtidig moglegheitene for å bygge om skipa til fornybarmarknaden, og søker investorar til dette. Eit slikt grep kan gjere det mogleg å refinansiere skipa.

Interessa for å vere med på ei slik investering er stor nok til at leiinga meiner verdiane i selskapet overstig gjelda, konkluderer leiinga. Golden Energy Offshore Offshore Services har ikkje eigne tilsette og hyrar inn sjøfolk frå management-selskap.

Har ikkje betalt avdrag
Reiarlaget skulle ha betalt avdrag på skipa Energy Empress og Energy Duchess i mai, men desse er ikkje betalt. Dei er difor i dialog med kreditorane for å finne ei løysing.

Leiinga påpeiker at det der ein risiko for at kreditorane ikkje vil godta nye utsettingar.

Selskapet anslår verdien for kvar av skipa Energy Swan, Energy Empress, Energy Duchess til 15 millionar. Energy Scout er verdisett.til 10 millionar og klassifisert for sal.

– Har teke mykje lengre enn venta
Sjølv om reiarlaget såg eit oppsving i mai månad og det er utsikter for meir arbeid i 2022, er tidspunktet for ein meir varig oppgang høgst usikker.

– Det har teke mykje lengre enn venta for marknaden å normalisere seg og reiarlaget har difor jobba med å betre økonomien, heiter det i rapporten.

Skreiv ned verdiar på 112 millionar
Golden Energy fekk eit stort underskott i 2020-rekneskapen. Resultat før skatt blei på minus 156 millionar etter av- og nedskrivingar på drygt 112 millionar (sjå tabell under).

Reiarlaget sine skip segla inn inntekter på drygt 70 millionar, men kostnadene oversteig inntektene betydelig og driftsresultatet enda med eit minus på nær 32 millionar.

Den totale gjelda var ved utløpet av året på 332 millionar kroner. Reiarlaget henta inn meir pengar i fjor, som sikra drift ut 2020, og leiinga har fått klarsignal til å skrive ut nye aksjar, i tillegg til å gjere om gjeld til eigardelar i selskapet.

Golden Energy Offshore Offshore Services
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 70 110
Driftsresultat -144 -6
Res. før skatt -156 -17,2
n

Publisert: 31.05.2021 05:55

Sist oppdatert: 01.06.2021 10:05

Mer om