Golden
KONTRAKT: Energy Duchess er på nytt i sving i Nordsjøen etter 14 månader i opplag. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

I arbeid etter 14 månader i opplag

Golden Energy Offshore Services skaffa arbeid til Energy Duchess.

17.06.2021

For 14 månader sidan la det Ålesund-baserte offshoreselskapet forsyningsskipet Energy Duchess i opplag. Bakgrunnen var svikten i marknaden på grunn av koronapandemien.

No er båten på nytt i arbeid. Det opplyser selskapet i ei børsmelding torsdag.

Den 83,4 meter lange Ulstein-designa båten vart bygd i Kina, og har no fått oppdrag med ein leiande internasjonal aktør, skriv selskapet.

Oppdraget er på ein fast periode på 40 dagar, pluss opsjonar.

Ser lysning
Ålesund-selskapet er i ein anstrengt økonomisk situasjon, og har uttalt at ein er avhengige av hjelp frå kreditorane for å halde seg flytande.

I tillegg til Energy Duchess, har selskapet skipa Energy Swan, Energy Empress og Energy Scout, der tre av skipa var i opplag mesteparten av fjoråret.

No ser derimot selskapet lysare på situasjonen.

I børsmeldinga vert det opplyst at selskapet no har tre av fire skip i arbeid.

Kontraktsdekninga for 2. kvartal i år er på 90 prosent i det som vert karakterisert som ein forbetra marknad i Nordsjøen.

Publisert: 17.06.2021 12:39

Sist oppdatert: 01.03.2022 09:31

Mer om