Grautneset kan vere loeysinga for aa fjerne tungmetall
AVFALLSFORUM: Anne-Berit Salen, leiar for Avfallsforum Møre og Romsdal, med ein av dei mest aktuelle lokaliseringsstadane for framtidig uorganisk farleg avfall, Dalen gruve, på skjermen ved sida av seg.
Nytt

Grautneset kan vere løysinga for å fjerne tungmetall

Anne-Berit Salen, styreleiar i Avfallsforum Møre og Romsdal, lanserer Grautneset som ein stad der ein kan ta tungmetall ut av flygeoske.

12.04.2018
Under Avfallsforum Møre og Romsdal i Molde neste veke, vil gründer-selskapet Norsep i Molde, ved Per Bakke, fortelje om ei løysing der tungmetall vert teke ut av flygeoske på staden.
Og nettopp tungmetall er ein fraksjon som det er råd å oppnå god pris på, og som på grunn av knappe naturressursar er om å gjere å gjenvinne.
I ei pressemelding frå Avfallsforum Møre og Romsdal seier styreleiar Anne-Berit Salen, i det daglege tilsett i Tafjord Kraftvarme AS, at dette er ei løysing som kan vere aktuell for energigjenvinningsanlegget på Grautneset.
Dei brenn rundt 100.000 tonn avfall kvart år, og sit att med rundt 2.000 tonn flygeoske som i dag vert sendt til deponi i gamle gruver i Mo i Rana.

Strid rundt farleg avfall

Rundt 130 medlemmer i Avfallsforum Møre og Romsdal stiller på årsmøtekonferanse på Hotel Alexandra i Molde, der det vert kasta lys over ei av dei vanskelegaste og mest konfliktfylte lokaliseringssakene som gjeld handtering av avfall.
I fleire år har uorganisk farleg avfall frå heile landet vorte deponert i dei tidlegare kalkgruvene på Langøya utanfor Holmestrand. I løpet av få år er der fullt, og derfor hastar det å finne ein ny stad.
Til årsmøtekonferansen tysdag ettermiddag kjem adm.dir. Carl Hartmann i selskapet Noah AS som driv deponiet på Langøya, og som har planane klare for å deponere framtidig uorganisk farleg avfall som flygeoske og svovelsyre i dei gamle Norcem-gruvene i Brevik.

Endra planane

Desse planane har vorte møtt med sterk lokal motstand. I pressemeldinga vert det opplyst at dette nok også er bakgrunnen for at Noah AS, som er eigd av romsdalingen Bjørn Rune Gjelsten, for ei tid tilbake endra planane, slik at behandlinga av dette avfallet framleis skal skje på Langøya og så verte frakta til Dalen gruve, men utan at transporten går gjennom tettstaden Brevik.
På konferansen til Avfallsforum Møre og Romsdal sist haust i Kristiansund, fekk den fremste konkurrenten til Noah AS, Bergmesteren Rausand AS i Nesset, presentere sine planar. Også desse planane har vorte møtt med sterk lokal motstand.
Fylkesmann Lodve Solholm står for den offisielle opninga av konferansen. På plass er også stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap), som tidlegare i år losa stortingsmeldinga om avfall gjennom i Stortinget, vert det opplyst i pressemeldinga.

Publisert: 12.04.2018 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20