- Ja, vi har blinka oss ut denne sjømatmessa. Vi kjem til å vere tydeleg tilstades, seier leiar Truls Gulowsen i Greenpeace Norge til NETT NO.
Dette er dårleg nytt for alle selskapa som planlegg å bruke til å selje inn torsk og annan fisk frå Barentshavet. Men Gulowsen seier at organisasjonen i utgangspunktet ikkje legg opp til nokon konfrontasjon.
- Vi håper at det vert funne løysingar før denne sjømatmessa. Viss ikkje, vi vi bruke dei virkemidla vi meiner er nødvendige.
I rapporten er det spesiell fokus på Havfisk-fåten. No krev Greenpeace at flåten må slutte å tråle i dei biologisk mest sårbare delene av det nordlege Barentshavet.
Greenpeace slår fast at alle Havfisk sine 10 trålarar fiskar nord om 75-graden, medan halvparten også bevegar seg nord for 78-graden.
Det siste vil Greenpeace ha slutt på, og meiner at her foregår det omfattande botntråling i svært sårbare område, og område som hittil heller ikkje er utforska.
- Det bør ikkje vere slik at det er botntrålarar som skal vere dei første inn på slike jomfruelege område, seier Gulowsen.
Totalt er det 189 trålarar som har lisens til å fiske i Barentshavet, fordelt på 96 frå Russland, 48 frå EU, 30 frå Norge, åtte frå Island, fire frå Færøyane og tre frå Grønland.
I tillegg til Havfisk, har Greenpace spesiell fokus på dei russiske fiskeriselskapa Ocean Trawler og Fiun.
Men i tillegg til torsk, foregår det i området også omfattande fiske av hyse, kveite, sei, lodde og reke.
Organisasjonen meiner at utviklinga raskt går feil veg, og viser til at i 2001 utgjorde fisket i dei sårbare områda rundt Svalbard berre to prosent av den norske torskekvoten. I 2014 var ein derimot oppe i elleve prosent.
Greenpeace overleverte 2. mars rapporten til fiskeriminister Per Sandberg i samband med North Atlantic Seafood Forum i Bergen.
Organisasjonen kjem i rapporten med klare krav til fiskekjøparar og distributørar om å ikkje kjøpe fisk som er tatt av fartøy som fiskar i dei sårbare områda nord i Barentshavet.
Her har Sjømatrådet hatt store kampanjar for å promotere norsk Barentshav-torsk til fish & chips.
Gulowsen seier at organisasjonen alt har hatt kontakt med britiske fiskekjøparar og åtvara dei mot å kjøpe fisk som er fangsta i desse sårbare områda.
- Vårt inntrykk er at fiskekjøparane tek dette på største alvor, seier Gulowsen.
- Vi har i lengre tid hatt fokus på dei sårbare områda i Arktis, først med aksjonar mot oljeindustrien. No har vi full fokus på fiskeriet.
Gulowsen fryktar store negative konsekvensar om det ikkje vert sett ein stopp for botntråling i eit større område nord i Barentshavet.
- I år ser det ut til at det vert mindre is enn det som nokon gong er målt. Det opnar seg dermed endå nye område for fiske. Før fiskarane slepp til, må dei nye områda skikkeleg undersøkast.
- Botntråling har skadelege konsekvensar for botnmiljøet, men det seier seg sjølv at det er mest øydeleggjande i område der det tidlegare ikkje har foregått botntråling.
- Det viktige for oss er at det først skjer ei vitskapleg kartlegging av botnforholda før fiskeflåten slepp til.
I ein kommentar frå Marine Stewardship Council (MSC) i vert det fastslått at alle MSC-sertifiserte fiskeri må framskaffe vitskapleg baserte data og informasjon til uavhengige sertifisørar for å bevise at områda dei fiskar i er sunne.
- All utviding av fisket til nye område vil krevje ei ny vurdering for å fastslå at fisket skjer innanfor MSC-standardane. Dette vil krevje robust, vitskapleg dokumentasjon som viser at fisket i området er godt drive og ikkje forsårsakar skade på følsomme habitatar, fastslår organisasjonen.
Dette er dårleg nytt for alle selskapa som planlegg å bruke til å selje inn torsk og annan fisk frå Barentshavet. Men Gulowsen seier at organisasjonen i utgangspunktet ikkje legg opp til nokon konfrontasjon.
- Vi håper at det vert funne løysingar før denne sjømatmessa. Viss ikkje, vi vi bruke dei virkemidla vi meiner er nødvendige.
Havfisk-fokus
Bakgrunnen for aksjonane er den ferske , der organisasjonen set søkjelyset på det aukande fisket i det nordlege Barentshavet etter kvart som isen trekker seg nordover og nye fiskefelt opnar seg.I rapporten er det spesiell fokus på Havfisk-fåten. No krev Greenpeace at flåten må slutte å tråle i dei biologisk mest sårbare delene av det nordlege Barentshavet.
Flyttar seg nordover
Via satelittovervaking (AIS), har Greenpeace i fleire år følgt med Havfisk-flåten, og konkluderer i rapporten at Havfisk-trålarane fiskar stadig meir på område som tidlegare ikkje var tilgjengelege.Greenpeace slår fast at alle Havfisk sine 10 trålarar fiskar nord om 75-graden, medan halvparten også bevegar seg nord for 78-graden.
Det siste vil Greenpeace ha slutt på, og meiner at her foregår det omfattande botntråling i svært sårbare område, og område som hittil heller ikkje er utforska.
Fryktar korallskader
Miljøorganisasjonen er spesielt uroleg for skade på korallrev, og negative konsekvensar for ei rekkje artar.- Det bør ikkje vere slik at det er botntrålarar som skal vere dei første inn på slike jomfruelege område, seier Gulowsen.
Totalt er det 189 trålarar som har lisens til å fiske i Barentshavet, fordelt på 96 frå Russland, 48 frå EU, 30 frå Norge, åtte frå Island, fire frå Færøyane og tre frå Grønland.
I tillegg til Havfisk, har Greenpace spesiell fokus på dei russiske fiskeriselskapa Ocean Trawler og Fiun.
Aukande andel av fiskeriet
Det er spesielt torskefisket som er viktig for desse selskapa, der den samla torskekvoten er på 859.000 tonn, og Norge sin andel av dette er 367.240 tonn.Men i tillegg til torsk, foregår det i området også omfattande fiske av hyse, kveite, sei, lodde og reke.
Organisasjonen meiner at utviklinga raskt går feil veg, og viser til at i 2001 utgjorde fisket i dei sårbare områda rundt Svalbard berre to prosent av den norske torskekvoten. I 2014 var ein derimot oppe i elleve prosent.
Krav til Per Sandberg
No krev organisasjonen at norske styresmakter grip inn og stansar skadeleg fiske i området.Greenpeace overleverte 2. mars rapporten til fiskeriminister Per Sandberg i samband med North Atlantic Seafood Forum i Bergen.
Organisasjonen kjem i rapporten med klare krav til fiskekjøparar og distributørar om å ikkje kjøpe fisk som er tatt av fartøy som fiskar i dei sårbare områda nord i Barentshavet.
Varslar britiske fiskekjøparar
Spesielt har Greenpeace fokus på Storbritannia, som er storkonsument av atlantisk torsk, spesielt til den store fish & chips-industrien.Her har Sjømatrådet hatt store kampanjar for å promotere norsk Barentshav-torsk til fish & chips.
Gulowsen seier at organisasjonen alt har hatt kontakt med britiske fiskekjøparar og åtvara dei mot å kjøpe fisk som er fangsta i desse sårbare områda.
- Vårt inntrykk er at fiskekjøparane tek dette på største alvor, seier Gulowsen.
Først olje, no fisk
Han seier at Barentshav-kampanjen er svært viktig for Greenpeace.- Vi har i lengre tid hatt fokus på dei sårbare områda i Arktis, først med aksjonar mot oljeindustrien. No har vi full fokus på fiskeriet.
Gulowsen fryktar store negative konsekvensar om det ikkje vert sett ein stopp for botntråling i eit større område nord i Barentshavet.
- I år ser det ut til at det vert mindre is enn det som nokon gong er målt. Det opnar seg dermed endå nye område for fiske. Før fiskarane slepp til, må dei nye områda skikkeleg undersøkast.
Ikkje totalforbod
Han seier at organisasjonen ikkje er ute etter eit totalforbod mot botntråling.- Botntråling har skadelege konsekvensar for botnmiljøet, men det seier seg sjølv at det er mest øydeleggjande i område der det tidlegare ikkje har foregått botntråling.
- Det viktige for oss er at det først skjer ei vitskapleg kartlegging av botnforholda før fiskeflåten slepp til.
I ein kommentar frå Marine Stewardship Council (MSC) i vert det fastslått at alle MSC-sertifiserte fiskeri må framskaffe vitskapleg baserte data og informasjon til uavhengige sertifisørar for å bevise at områda dei fiskar i er sunne.
- All utviding av fisket til nye område vil krevje ei ny vurdering for å fastslå at fisket skjer innanfor MSC-standardane. Dette vil krevje robust, vitskapleg dokumentasjon som viser at fisket i området er godt drive og ikkje forsårsakar skade på følsomme habitatar, fastslår organisasjonen.
Det bør ikkje vere slik at det er botntrålarar som skal vere dei første inn på slike jomfruelege område
Publisert: 17.03.2016 05:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54






