(NPK-NTB): Arbeidsløysa og fallet i norsk økonomi har ikkje vore verre sidan 1930-talet. Men anslaga i revidert er likevel betre enn frykta, seier Ola Grytten.
Grytten, som er professor i økonomisk historie ved NHH, seier ein i fredstid må tilbake til depresjonen i 1931 for å finne eit like stort fall i bruttonasjonalprodukt som 4 prosent, som er anslått i revidert nasjonalbudsjett for 2020.
Ei venta arbeidsløyse på 5,9 prosent må ein òg tilbake til 1930-talet for å finne, seier Grytten.
For å kompensere pøsar regjeringa på med rekordmykje oljepengar, heile 419,6 milliardar kroner skal brukast i år, noko som gir ein enormt høg budsjettimpuls på 5,1.
Budsjettimpulsen er eit mål på korleis den økonomiske politikken til regjeringa påverkar norsk økonomi.
– Ein må tilbake til 1921 då ein hadde ei etterkrigskrise som var veldig stor i Noreg for å finne ein liknande budsjettimpuls. Han er svært sjeldan at han er så ekspansiv, fastslår Grytten.
Grytten seier at sjølv om tala er dystre, så ser dei no ikkje så ille ut som først anslått i slutten av mars.
– Då fall BNP med 14 prosent på fjorten dagar, og arbeidsløysa var oppe i 12–13 prosent. Men mange har no kome tilbake på jobb. Det er den gode nyheita i dette, påpeikar han.
(©NPK)

Mange har no kome tilbake på jobb. Det er den gode nyheita i dette
Publisert: 12.05.2020 10:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57