Eit samrøystes bystyre i Oslo ha gitt tommel opp for Flakk-familien sine planar om eit luksushotell sentralt i Oslo, ifølgje Aftenposten.
– Det er heilt fantastisk at det faktisk skjer. Det viser at fleire enn oss har trua, seier prosjektleiar Malin Gjørtz i Flakk Eiendom ifølgje avisa.
Flakk-familien på Sunnmøre var i 2021 med å kjøpe den historiske eigedommen St. Olavs gate 32 i hovudstaden. Den har tidlegare husa både Norges Geografiske Oppmåling, Statistisk Sentralbyrå og Statens kunstakademi.
Flakk: – Eit stort inntektspotensial
Kring 340 millionar kroner var prisen etter det som skal ha vore ei tøff bodrunde. Her vil dei utvikle eit boutique-hotell i øvste prisklasse.
Hotellsatsinga er den største investeringa i reiseliv til Flakk-familien nokon gong, og blir gjort saman med familien Brendemoe.
– Det er openbert ei stor investering, men som også har eit stort inntektspotensial, fortalde Knut Flakk til Nett No i fjor.
Nyleg selde Flakk-gruppen Hotel Brosundet i Ålesund, men eig framleis Hotel Union Øye og Storfjord Hotel på Sunnmøre.
Kan rekke byggestart i 2026
I fjor håpte Flakk at det skulle vere mogleg med byggestart i 2026 – og den planen ser ut til å halde.
Eigedomen omfattar to bygg på tilsaman 5000 kvadratmeter fordelt på fire etasjar.
Satsinga inkluderer opprusting av hageanlegget med tilhøyrande serveringskonsepter slik at eigedomen blir eit aktivum for Oslo og byens befolkning, har utbyggarane opplyst tidlegare.
Publisert: 25.03.2026 13:31
Sist oppdatert: 25.03.2026 13:57






