Flakk hotell Osloinnfelt knut flakk illustrasjon Tegnmark foto Marius
OSLO-HOTELL: Knut Flakk (innfelt) og familien jobbar med å utvikle eigedomen rett ved slottet i Oslo til eit boutique-hotell. Om alt går etter planen blir det byggestart neste år. Illustrasjon: Tegnmark/Marius Rosbach
Nytt

Aksjesal kan opne for nye investeringar

Flakk håpar på byggestart av nytt Oslo-hotell neste år.

Marius Rosbach
05.03.2025

Knut Flakk og familien har i løpet av dei siste åra selt aksjar til ein verdi av minst 600 millionar kroner. 

Den siste nyheita kom tysdag, då det blei kjent at konsernet sel 65 prosent av aksjane i Devold of Norway for 400 millionar kroner.  

I fjor og i år har Maria Lilly og Erika June Flakk - døtrene til Knut Flakk – selt seg ned i Hexagon Composites. Og hausten 2023 selde Flakk-familien i same selskap for nær 150 millionar. 

Den gong fortalde Knut Flakk at pengane grovt sagt ville gå til reiselivsinvesteringar og betaling av formuesskatt. Bodskapen i dag er noko av det same. 

– Det bidreg til å styrke balansen vår, og gjer oss i stand til å ta investeringar på andre område, seier Flakk til Nett No. 

Knut og Maria Flakk foto Marius
AKSJESAL: I løpet av dei siste åra har Flakk-familien seld aksjar for minst 600 millionar kroner. Kapitalen kan nyttast til nye investeringar, fortel Knut Flakk. Her saman med dottera Maria Flakk som saman med søstera Erika Flakk, har kome sterkare inn i drifta av familiekonsernet dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

– Naturleg å ta ut ein gevinst
At Flakk fekk ein god pris på Devold-aksjane var sjølvsagt medverkande til at salet skjedde no. 

Han påpeika etterpå at familien tok over ei bedrift på konkursens rand for kring 35 år sidan. 

Dei siste åra er det sett stadig nye omsetningsrekordar. Ved salet blei selskapet prisa til 900 millionar.

– Etter at vi har bygd opp Devold til den storleiken det har i dag, meiner vi det var naturleg å ta ut ein gevinst, seier han. 

Flakk-familien skal framleis vere med som mindretalsaksjonærar, og har håp om at dei nye medeigarane skal løfte Devold-salet til nye høgder internasjonalt

Flakk hotell 2 Oslo St Olavs gate 32 illustrasjon Tegnmark
STOR INVESTERING: Om alt går etter planen vil Flakk-familien sette i gong sjølve byggearbeidet ved St. Olavs gate 32 til neste år. Illustrasjon: Tegnmark

Kan bli byggestart i Oslo neste år
Flakk-familien eig fleire hotell, og planlegg fleire. I første rekke jobbar dei no med å utvikle eit boutique-hotell i øvste prisklasse i Oslo. 

– Oslo-prosjektet er det vi kjem til å prioritere først. Her har vi allereie investert sopass mykje i kjøp av eigedomen, seier Flakk.

Familien har vore med å kjøpe den historiske eigedommen St. Olavs gate 32, som tidlegare har husa både Norges Geografiske Oppmåling, Statistisk Sentralbyrå og Statens kunstakademi.

– Det er openbert ei stor investering, men som også har eit stort inntektspotensial, legg han til.

Om det ikkje dukkar opp noko uføresett, betyr det at vi kan ligge an til byggestart i 2026
Knut Flakk

Riksantikvaren har gitt grønt lys for at eigedomen kan nyttast som hotell. Flakk håpar reguleringsprosessen blir klar slik at den kan bli vedteke politisk til hausten.

– Om det ikkje dukkar opp noko uføresett, betyr det at vi kan ligge an til byggestart i 2026, fortel Flakk.

Fleire prosjekt må vente
Flakk har også fleire hotellprosjekt dei ønsker å realisere. 

På Ljøen i Stranda vil dei bygge eit luksushotell og i Hellesylt sentrum er det planar om eit hotell retta mot aktive gjestar ved den gamle Grand Hotell-tomta. 

Flakk Ljøen montasje utsikt eksteriør Illustrasjon Snøhetta 11
LJØEN-HOTELL: Investeringa i et nytt luksushotell på Ljøen ved innseilingen til Geirangerfjorden er blant Flakk-prosjektene som inntil vidare ikkje blir realisert. Illustrasjon: Snøhetta

Oppgradering av Storfjord Hotel er også på agendaen.

Samtidig har familien vore tydelege på at fleire av planane må vente grunna skatteskjerpingane som er innført dei siste åra. 

– Noko at dette må kome etter kvart. Det avhenger ikkje minst av om politikarane kjem til fornuft, legg han til. 

Knut Flakk er som kjent mellom initiativtakarane til Aksjon for Norsk Eierskap, som jobbar for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

Publisert: 05.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.03.2025 22:24

Mer om