Groent Punkt Blir enklare for alle aa bidra
SAMLAR INN OG KOMPRIMERER: Prosjektleiar Are Magnus Adolfsen i Grønt Punkt rosar kor omfattande Vartdal Plast har gått til verks i innsamlinga av EPS-en.
Nytt

Grønt Punkt: – Blir enklare for alle å bidra

Satsinga til Vartdal Plast med å lage nytt råstoff av innsamla isopor, får ros frå fleire hald. 

Marius Rosbach
23.10.2020
Torsdag var politikarar, interesseorganisasjonar, avfallsselskap og andre aktørar invitert for å vere med på til Vartdal Plast for resirkulering av EPS (ekspanderbar polystyren).
Are Magnus Adolfsen er prosjektleiar for næringsliv i Grønt Punkt. Han påpeiker at innsatsen til Vartdal Plast, gjer at sirkelen for EPS, også kalla isopor, blir meir slutta.
– Det er veldig positivt at vi får dette i Norge, slik at vi slepp å transportere det til utlandet for å lage nytt råstoff, for så å frakte det tilbake, seier han til NETT NO.
Også NHO-direktøren i NHO Møre og Romsdal, Espen Remme, hadde teke turen til Liadal og det nye anlegget ligg. Han trakk fram at prosjektet til bedrifta viste at det grøne skiftet allereie skjer.
– Her er eit lokalt døme på det som skjer globalt. Dette er berekraft i praksis, sa Remme.

Samlar inn frå Trondheim og Bergen

Vartdal Plast har gått ut til alle miljøstasjonane mellom Bergen og Trondheim og sagt at dei vil hente inn all EPS-en gratis. Det innsamlingsarbeidet har allereie vore i gong i meir enn eit halvår.

På sikt satsar Ørsta-bedrifta på at dei skal samle inn nok EPS, til at dei kan lage nytt råstoff til produkta, ved sitt eige anlegg.
– Når vi får samla inn nok EPS, så skal vi gjere estruderinga sjølv og lage vårt eige råstoffprodukt. Dette er berre begynnelsen på starten, sa .
I samband med opninga kom det også fram at dei allereie er i gong med å vurdere fleire anlegg. Det er naturleg at desse kjem i tilknyting til dei andre fabrikkane deira i Egersund, Biri og Bodø.

Har teke eit utvida ansvar

Grønt Punkt har vore ein av støttespelarane i arbeidet. Vartdal Plast påpeiker at prosjektet ikkje hadde vore mogleg utan deira økonomiske støtte til komprimering av emballasjen. Også Miljøstiftelsen Zero og EPS-foreningen er mellom bidragsytararane.

Prosjektleiar Adolfsen i Grønt Punkt peiker på at bedrifta har teke eit utvida ansvar for å samle inn EPS-avfallet.
– Heilskapen er veldig positiv. Vartdal Plast har vore enormt flinke på er dette med innsamling. Dei har fått med andre aktørar som har innsamlingsstasjonar, til å sortere ut EPS-en. Det gjorde dei ikkje tidlegare og for oss er denne innsamlinga alfa omega, seier han.
– Det blir enklare for alle å bidra og vere med på dette, når dei tilbyr ei slik løysing, legg han til.

Blir unike i Norge

Adolfsen i Grønt Punkt fortel at det er andre selskap som samlar inn EPS, men ingen har gått så omfattande til verks som Vartdal-bedrifta.
– Ingen andre har teke den så langt, med å lage avtalar med gjenvinningsstasjonar og kommunar. Det er eit fantastisk steg for å få inn dei voluma, som det har vore utfordrande å få samla inn, seier han.
Når det gjeldt dei vidare planane om å , er Vartdal Plast unike i Norge, ifølgje Adolfsen.

Stor utfordring i byggebransjen

Han fortel at byggebransjen er mellom næringane der det er generelt store utfordringar med materiale som ikkje blir resirkulert og endar som avfall.
– Det er også komplekst, fordi sjølv om mykje kan gjenvinnast, så er det mykje som ikkje kan det, mellom anna fordi det er blandingsprodukt, seier prosjektleiaren.
Det gjer at materiala ikkje blir reine nok til kunne brukast som nytt råstoff, eller i andre samanhengar.
– Det er eit stort potensiale til å gjere mykje meir - og det gjeld ikkje berre byggebransjen, men også andre næringar, påpeiker han.

Mykje blir samla inn allereie

Det har vore ei utfordring at aktørar ikkje har sett det store bilde, med kor mykje EPS-avfall som finst totalt på ulike områder. Sjølv om det veger lite, og kan synast som små mengder for kvar enkelt, så utgjer det store volum til saman, påpeiker Adolfsen.
Per i dag blir allereie drygt 85 prosent av all EPS-emballasje produsert i Norge, samla inn. Likevel er det meir enn 1200 tonn som ikkje kjem inn, ifølge tal frå Grønt Punkt. Av det som blir samla inn, går det aller meste til resirkulering, medan mindre enn ein tidel går til energiutnytting.

Les også:




Synspunkt:


Det er eit stort potensiale til å gjere mykje meir - og det gjeld ikkje berre byggebransjen, men også andre næringar

Publisert: 23.10.2020 05:55

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:14