Norwegian hydrogen Ørskog Ill Norwegian Hydrogen
HYDROGENPRODUKSJON: Elektrisk straum skal brukast til å spalte vatn til hydrogen og oksygen på Norwegian Hydrogen sitt planlagde anlegg ved Sjøholt. Illustrasjon: Norwegian Hydrogen
Nytt

Går frå million- til milliardsatsing

Norwegian Hydrogen planlegg hydrogenproduksjonsanlegg til fleire milliardar kroner ved Sjøholt.

14.06.2023

Då Norwegian Hydrogen i 2022 presenterte planane om eit produksjonsanlegg for hydrogen ved Sjøholt sa administrerande direktør Jens Berge at det handla om ei investering på fleire hundre millionar kroner i første omgang.

No er ambisjonen kraftig utvida, til eit anlegg til "fleire milliardar", ifølgje Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen.

Klar i 2027/2028
I ei pressemelding Norwegian Hydrogen sende ut i dag skriv selskapet at det vil bygge eit anlegg med kapasitet til å bruke 270 MW straum, som vil gi ein årsproduksjon på 40.000 tonn hydrogen.

Til samanlikning er anlegget Norwegian Hydrogen har under bygging på Hellesylt ein straumkapasitet på tre MW.

Målet er å ha eit fullt utbygd anlegg ved Sjøholt i tidlegare Ørskog kommune klart i slutten av 2027, eller tidleg i 2028, ifølgje Furnes Mannseth.

Dette er eit større anlegg enn selskapet planla i fjor, og det er er grunnen til at når anlegget skal vere ferdig er utsett med tre år, ifølgje Furnes Mannseth.

Eksport med skip
- Frå Ørskog vil det eksporterast store volum av grønt hydrogen til Europa samt at ein del av produksjonskapasiteten naturligvis vil dekke etterspørselen frå kundar i Noreg, seier Berge i pressemeldinga.

Norwegian Hydrogen samarbeider med Provaris Energy, eit australsk selskap som har utvikla ei løysning for lagring og transport av komprimert hydrogen med skip.

Treng meir straum
I første omgang har Norwegian Hydrogen fått tildelt 20 MW, og har søkt om ytterlegare 250 MW.

Furnes Mannseth seier til NETT NO at det er planar om å bygge ut kraftnettet i område, slik at det vil vere overføringskapasitet nok til å forsyne anlegget med 270 MW.

Fleksibel avtale
Jens Berge seier til NETT NO at han ventar ei avklaring på søknaden om meir straum i løpet av dei næraste månadane.

Norwegian Hydrogen har søkt om ein avtale som inneber at selskapet kan tilpasse seg svingingar i kraftleveransane. Det betyr at selskapet kan redusere produksjonen om det knip.

Ørskog er uansett eit attraktivt område for hydrogenproduksjon, men med eit anna type anlegg dersom Norwegian Hydrogen får mindre kraft enn søkt om, ifølgje Berge.

Utskiping frå Norwegian Hydrogen anlegg i Ørskog illustrasjon Norwegian Hydrogen
EKSPORT: Eit eige utskipingsanlegg for hydrogenet er også ein del av planane til Norwegian Hydrogen. Illustrasjon: Norwegian Hydrogen.

Emisjon
Ei investeringsavgjerd er enno ikkje tekne. Den vil mellom anna kreve at selskapet har ei avklaring om straumleveransar og ei langsiktig avtale med kundar som vil kjøpe hydrogenet, ifølgje Berge.

Utbygginga vil dessutan kreve ny kapital, men Berge trur det er mange investorar som vil vere med på eit slikt prosjekt, mellom anna fordi EU har eit uttalt mål om å importere 10 millioner tonn grønt hydrogen årleg innan 2030.

Grønt hydrogen er hydrogen som er produsert av straum frå til dømes vaskraft, slik at det ikkje er CO2-utslepp frå produksjonen. Då blir hydrogen ein energiberar som ikkje bidrar til auka CO2-utslepp.

Inviterer annan industri
Furnes Mannseth seier området hydrogenproduksjonsanlegget skal byggast på også har plass til annan industri.

Norwegian Hydrogen håpar andre vil etablere seg på området for å nytte seg av overskotsvarmen frå hydrogenproduksjonen og/eller oksygenet som blir produsert når vatn blir spalta til hydrogen og oksygen.

Ifølgje pressemeldinga vil anlegget ved Sjøholt skape meir enn 50 nye arbeidsplassar.

Publisert: 14.06.2023 08:57

Sist oppdatert: 31.01.2024 15:25

Mer om