Norwegian hydrogen haukås industriområde tomt foto norwegian hydrogen
SIKRA TOMT: Onsdag møtte representantar frå Norwegian Hydrogen Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (nr. 2 f.v.) på tomta der fabrikken skal byggast. Jens Berge (nr. 3 f.v.), Marielle Furnes Mannseth (t.h.) og dr. Kaushik Jayasayee (t.v.) deltok frå selskapet. Foto: Norwegian Hydrogen,
Nytt

Her kan hydrogenfabrikk stå klar i slutten av 2024

– Anlegget ved Sjøholt har eit oppskaleringspotensiale som verkeleg kan sette Ålesund-regionen på Norges-kartet.

Marius Rosbach
20.04.2022

Onsdag kunne Norwegian Hydrogen gå ut med lokaliseringa for planane for eit større anlegg for produksjon av hydrogen ved Sjøholt. Plasseringa blir ved Haukåsen Industriområde i utkanten av Sjøholt.

Administrerande direktør Jens Berge i Ålesund-selskapet fortel at det i første omgang dreiar seg om ei investering på fleire hundre millionar.

– Difor har vi også søkt Enova om støtte. Om det kjem på plass, kan vi sette i gong veldig raskt og vere oppe og gå mot slutten av 2024, seier han til NETT NO.

Stort potensiale for oppskalering
Fabrikken kjem på eit industriområde som ligg rett i nærleiken av Sjøholt, og selskapet har sikra seg eigedomen. Det meste ligg med andre ord klart.

Det mest spennande er imidlertid potensiale vidare, meiner Berge.

– Anlegget ved Sjøholt har eit oppskaleringspotensiale som verkeleg kan sette Ålesund-regionen på Norges-kartet, fortel Berge.

Roser samarbeidet med kommunen
Norwegian Hydrogen-sjefen fortel at dei har møtt ein «støttande, positiv og konstruktiv» kommune. Seinare onsdag møtte han Ålesund-ordføraren for å diskutere planane.

Berge anslår at anlegget med støttefunksjonar vil utgjere kring ti arbeidsplassar.

– Vi vil ha behov for arbeidskraft, men det er i stor grad automatisert produksjon, legg han til.

Sjøholt-satsinga er eit resultat av eit Enova-støtta forprosjekt der Norwegian Hydrogen saman med Eviny (tidligere BKK), Tafjord Kraftproduksjon og Rauma Energi har samarbeida.

Det er sett på ei rekke alternativ til plassering av ein hydrogen-hub for Vestlandet og Møre og Romsdal.

Hydrogen
NYLEG PÅ NOR-SHIPPING: Norwegian Hydrogen var godt synlege på årets Nor-Shipping, her med dagleg leiar Jens Berge, marknadssjef Marielle Furnes Mannseth og finansdirektør Thorstein Jenssen. Foto: Kjetil Haanes

Skal også bygge på Hellesylt
Satsinga med eit stort anlegg ved Sjøholt, utelukkar ikkje andre prosjekt som tidlegare har vore omtalt.

Hellesylt-satsinga går også framover. Her er planen at produksjonsanlegget skal stå klart i løpet av neste år.

– Dette er meir eit lokalt prosjekt med fokus på å levere grønt hydrogen til kundar i og rundt Geirangerfjorden, har Berge fortalt til NETT NO tidlegare.

Selskapet er vidare involvert i konkrete planar i Rauma, og har vore i dialog om anlegg ved Gjøsundet i Giske.

Fleire prosjekt i Nord-Norge
Norwegian Hydrogen er også i samtalar med Troms og Finnmark fylkeskommune om utbygging av infrastruktur for båt- og vegtransport i regionen.

I tillegg samarbeidar dei med Narvik Hydrogen om å byggje ut produksjons- og distribusjonsanlegg, som også kan levere til dei store industriprosjekta i Nord-Sverige.

Publisert: 20.04.2022 12:11

Sist oppdatert: 14.06.2023 08:20

Mer om