Viktig vilkår ikkje avklart
Norwegian Hydrogen veit framleis ikkje om det kjem ei hydrogendriven ferje på Geirangerfjorden.
- Veldig viktig, seier styreleiar, initiativtakar og medeigar Knut Flakk i Norwegian Hydrogen om betydninga ei hydrogendriven ferje mellom Hellesylt og Geiranger vil ha for selskapet.
Norwegian Hydrogen sitt første hydrogenproduksjonsanlegg for hydrogen skal stå klart på Hellesylt seint i år eller tidleg neste år.
Forventningane om at det skulle kome krav om ei CO2-utsleppsfri ferje på fjorden - drive av hydrogen - er ein av grunnane til at Norwegian Hydrogen valde å satse på hydrogenproduksjon på Hellesylt.
Men fylkeskommunen har utsett kravet frå nullutsleppsferje, frå den opphavleg fristen frå 2024 til 2026, og selskapet The Fjords har varsla at selskapet meiner det vil vere råd å trafikkere Geirangerfjorden med ei ferje på batteri, som blir lada i berre på Hellesylt.
Utan ferja tek det lenger tid å utvikle ein marknad for hydrogenet som skal produserast på Hellesylt, ifølgje Flakk.
Vil ha hydrogen
Olje- og energiminister Terje Aasland vitja Hellesylt i dag, for å bli orientert om planane og anlegget til Norwegian Hydrogen.
I møtet sa Flakk at fylkeskommunen snart berre hadde tida og vegen for å legge ferjeruta Hellesylt-Geiranger ut på anbod, dersom den som vinn konkurransen skal klare å få bygd og levert ei utsleppsfri ferje tidsnok til 2026.
Han kom og med ei oppmoding direkte til Aasland, å sikre at det kan stillast såkalla teknologispesifikke krav når til dømes ferjesamband blir lagt ut på anbod.
I dette tilfellet gjeld det krav til at ferja mellom Hellesylt og Geiranger skal gå på hydrogen. Poenget med slike krav er å bidra til teknologiutvikling - sjølv om alternativ som batteri skulle vere rimlegare.
Olje- og energiminister Terje Aasland seier til NETT NO at styresmaktene i utgangspunktet er teknologinøytrale, men samstundes ønskjer å bidra til at hydrogen blir tatt i bruk og at det blir utvikla ein marknad for hydrogen.
-Det er noko som vi må tenkje over, seier Aasland om Flakk sitt ønskje.
Pilot-prosjekt
I 2019 fekk eit konsortium som er forløparen til Norwegian Hydrogen støtte til hydrogensatsinga gjennom den såkalla Pilot E-satsinga.
Støtta var på 37,6 millionar kroner. Ordninga blir finansiert av Enova, Forskningsrådet og Innovasjon Norge.
Les også
Flakkgruppen i spissen for konsortium som skal produserere og levere hydrogen i Hellesylt.
Stranda-entreprenør setter snart spaden i jorda for den første hydrogenfabrikken på Nordvestlandet.
Publisert: 26.05.2023 12:30
Sist oppdatert: 26.05.2023 14:15