Kvalsund er tilsett som ny banksjef for personmarknaden ved Sparebanken Møre i Ulsteinvik.
Det opplyser Sparebanken Møre i ei pressemelding.
Ho har vore kommunikasjonssjef i Kleven i sju år.
– Ellen har lang næringslivserfaring og brei kjennskap til det som rører seg i Ulstein. Ho er marknadsorientert og framoverlent, noko som er viktig i eit område der Sparebanken Møre har klare vekstambisjonar i åra, seier Blomvik i pressemeldinga.
Kvalsund tiltrer den nye stillinga 1. april 2018.
Ho seier at dette var ei mulegheit ho ikkje kunne takke nei til.
– Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal, med ein klar strategi om vekst og utvikling. Den desentraliserte strukturen tiltalar meg, seier ho.
Det opplyser Sparebanken Møre i ei pressemelding.
Sju år hos Kleven
Kvalsund (1971) er busett i Ulsteinvik, og har utdanning innan kommunikasjon og sosialantropologi frå Høgskulen i Volda og Universitetet i Oslo.Ho har vore kommunikasjonssjef i Kleven i sju år.
Vekstambisjonar
Leiar for Personmarknad i Sparebanken Møre, Elisabeth Blomvik, er svært fornøgd med å få Kvalsund på laget.– Ellen har lang næringslivserfaring og brei kjennskap til det som rører seg i Ulstein. Ho er marknadsorientert og framoverlent, noko som er viktig i eit område der Sparebanken Møre har klare vekstambisjonar i åra, seier Blomvik i pressemeldinga.
Kvalsund tiltrer den nye stillinga 1. april 2018.
Ho seier at dette var ei mulegheit ho ikkje kunne takke nei til.
– Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal, med ein klar strategi om vekst og utvikling. Den desentraliserte strukturen tiltalar meg, seier ho.
Publisert: 08.02.2018 11:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18