Joakim Helland og Diana Myrstad Meldal foto Varda Care
PÅ PENGEJAKT: Helland Møbler-sjef Joakim Helland og Varda Care-sjef Diana Myrstad satsar på at Vard Care lukkast med å hente inn minst åtte millionar kroner i ein komande kapitalurvikling. Foto: Helland Møbler/Varda Care
Nytt

Går inn med over 1,3 millionar

Storaksjonær blir med i kapitalutvidinga i helseteknologiselskap - og deler ut aksjar til tilsette.

21.09.2022

Helland Møbler-konsernet skal gå inn med 1,3 millionar kroner i den komande kapitalutvidinga i Varda Care.

I tillegg skal selskapet sikre seg 400-500 aksjar i Varda Care, som skal fordelast likt mellom dei 15 tilsette i Helland Møbler. Det seier dagleg leiar Joakim Helland i Stordals-bedrifta til NETT NO.

Aksjekursen i kapitalutviding er sett til 120,69 kroner aksjane, som betyr at Helland Møbler vil gå inn med ytterlegare 50.000-60.000 kroner i Varda Care.

- Dette knyter også selskapa tettare saman og skaper forhåpentlegvis litt eigarskap frå dei tilsette i Helland Møbler. Varda Care blei trass alt til i hjartet av Stordalen, seier Joakim Helland i ei pressemelding.

Kapitalutvidinga skjer i regi av Folkeinvest, som mellom andre Bagid og Inseanergy i Ålesund har brukt i sine kapitalutvidingar tidlegare i år.

Minst åtte millionar

Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, som byggjer møblar som også kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.

Før kapitalutvidinga er Varda Care verdsett til 26,5 millionar kroner og Helland Eiendom eig 61 prosent. Helland Eiendom eig alle aksjane i Helland Møbler.

Minstemålet i kapitalutviding er åtte millionar kroner medan taket er sett til 15,1 millionar.

Stoppar emisjonen på åtte millionar kroner vil investorane som går inn eige tilsaman 23,19 prosent i Varda Care.

Blir det full klaff og 15,1 millionar kroner inn på konto vil det utgjere ein eigarandel på 36,28 prosent. Per i dag er det førehandsteikna aksjar for 3,6 millionar kroner.

Publisert: 21.09.2022 09:32

Sist oppdatert: 23.09.2022 12:35

Mer om