Har 3,3 millionar på handa
Varda Care skal ha inn minst åtte millionar kroner i ny kapitalutviding.
Ni dagar før den offisielle opninga av teikningsperioden i helseteknologiselskapet Varda Care i Ålesund har investorar førehandsteikna seg for 3,3 millionar kroner.
Det seier dagleg leiar Diana Myrstad Medal.
Kapitalutviding skjer i regi av Folkeinvest, som mellom andre Bagid og Inseanergy i Ålesund har brukt i sine kapitalutvidingar tidlegare i år.
Må ha åtte millionar
Varda Care i Ålesund er spunne ut av velferdsteknologisatsinga til Helland Møbler i Stordal, som byggjer møblar som også kan varsle om helsetilstanden til brukarane, og om brukarane treng hjelp frå pleiarar eller pårørande.
Før kapitalutvidinga er Varda Care verdsett til 26,5 millionar kroner. Dagleg leiar Diana Myrstad Meldal seier åtte millionar kroner er minstekravet selskapet har sett seg for å gjennomføre emisjonen, medan taket er 15,1 millionar.
Over 23 prosent
Stoppar emisjonen på åtte millionar kroner vil investorane som går inn med dei pengane eige tilsaman 23,19 prosent i Varda Care.
Blir det full klaff og 15,1 millionar kroner inn på konto vil det utgjere ein eigarandel på 36,28 prosent.
Pengane frå kapitalutvidinga skal brukast til kommersialisering av tenester for omsorgsinstitusjonar, vidareutvikle tilbodet til heimetenestene og finansiere drift fram til 2024.
Les også
Skal hente mellom 12 og 16 millionar kroner til å utvikle velferdsteknologi.
Geir Østrem og Joakim Helland har lukkast med jakta på medinvestorar til velferdsteknologiselskap.
Helland Møbel skil ut velferdsteknologisatsinga i eit eige selskap, og er ute etter medinvestorar.
Teknologisatsinga til Helland Møbler gjer at selskapet vil vurdere å få med investorar.
I løpet av året håpar Joakim Helland å kunne lansere ein stol med innebygd telefonfunksjon.
Publisert: 12.09.2022 08:59
Sist oppdatert: 12.09.2022 09:03