Det kom som då det i førre veke vart kjend at .
Bakgrunnen er at fiskematfabrikken mista sin største kunde gjennom fleire år. Maritim Food har vore ein sokalla leigeprodusent for Norgesgruppen, mellom anna under merkenamnet Fiskemannen. No har Unil og Norgesgruppen bestemt seg for at dei ikkje lengre vil ha fiskemat frå bedrifta.
– Det er kring 40 årsverk i bedrifta så det betyr mykje. Mykje kompetanse står i fare for å forsvinne frå det som er ei bedrift med regional betydning, seier Vaagen til NETT NO.
Dei tilsette er busett både Sande kommune og omkringliggande kommunar. Tillitsvalt Målfrid Levik fortalde til NETT NO førre veke at det vart det gitt beskjed om at det skulle satsast vidare i Gjerdsvika, då Insula overtok som eigar. Ho håper og trur at eigarane vil finne erstatning for den avtalen som no fall vekk.
– Sande kommune håper likevel at Maritim Food klare å «snu seg» slik at det framleis kan vere drift i produksjonsanlegget i Gjerdsvika framover. Sjølv om marknaden framover skulle medføre ein noko redusert aktivitet, håper vi like fullt at Maritim Food klare å holde oppe ein produksjon ved anlegget gjennom det som no vert ei krevjande periode, heiter det i brevet.
Ordførar Dag Vaagen er samd i at det er eit paradoks at det no brenn eit blått lys for ei av dei meste sentrale bedriftene i Gjerdsvika, samstundes som hamna rustast opp for meir enn 100 millionar.
– Ja, det er eit paradoks. Eg skjønar at dei må ha ei drift som er tilpassa den hamna som er der i dag, men når arbeidet står ferdig, meiner vi dette vert ei framtidsretta hamn. Vi håpar at det er eit interessant perspektiv for framtida, også for Maritim Food, seier Vaagen til NETT NO.
I brevet er det vist til at det via planarbeid og andre prioriteringar er lagt til rette for vekst for sjøbasert og fiskeriretta aktivitet i Gjerdsvika.
I løpet av året vil Kystverket vere ferdigmed hamnearbeidet, noko som også fører med seg nye næringsområde.
– For Sande kommune er det naturlig å tenke på Maritim Food som ein hovudaktør i arbeidet med å utvikle sjømatnæringa vidare med base i Gjerdsvika, og med dei moglegheitene som no opnar seg med betre hamneforhold og meir tilgjengeleg næringsareal, heiter det vidare.
Bakgrunnen er at fiskematfabrikken mista sin største kunde gjennom fleire år. Maritim Food har vore ein sokalla leigeprodusent for Norgesgruppen, mellom anna under merkenamnet Fiskemannen. No har Unil og Norgesgruppen bestemt seg for at dei ikkje lengre vil ha fiskemat frå bedrifta.
– Regional betydning
Sande-ordførar Dag Vaagen står saman med rådmann Trond Arne Aglen som avsendarar av eit brev som tysdag vart sendt til bedrifta Maritime Food og eigarane i Insula.– Det er kring 40 årsverk i bedrifta så det betyr mykje. Mykje kompetanse står i fare for å forsvinne frå det som er ei bedrift med regional betydning, seier Vaagen til NETT NO.
Dei tilsette er busett både Sande kommune og omkringliggande kommunar. Tillitsvalt Målfrid Levik fortalde til NETT NO førre veke at det vart det gitt beskjed om at det skulle satsast vidare i Gjerdsvika, då Insula overtok som eigar. Ho håper og trur at eigarane vil finne erstatning for den avtalen som no fall vekk.
– Vert ei framtidsretta hamn
I brevet frå kommunen vert det påpeika at ein forstår at ei verksemd må tilpasse seg svingande marknader.– Sande kommune håper likevel at Maritim Food klare å «snu seg» slik at det framleis kan vere drift i produksjonsanlegget i Gjerdsvika framover. Sjølv om marknaden framover skulle medføre ein noko redusert aktivitet, håper vi like fullt at Maritim Food klare å holde oppe ein produksjon ved anlegget gjennom det som no vert ei krevjande periode, heiter det i brevet.
Ordførar Dag Vaagen er samd i at det er eit paradoks at det no brenn eit blått lys for ei av dei meste sentrale bedriftene i Gjerdsvika, samstundes som hamna rustast opp for meir enn 100 millionar.
– Ja, det er eit paradoks. Eg skjønar at dei må ha ei drift som er tilpassa den hamna som er der i dag, men når arbeidet står ferdig, meiner vi dette vert ei framtidsretta hamn. Vi håpar at det er eit interessant perspektiv for framtida, også for Maritim Food, seier Vaagen til NETT NO.
– Ein hovudaktør
I dag kjem varer inn og ut av bedrifta på landevegen, men det er mogleg å sjå for seg at ein fiskematprodusent kan gjere seg nytte av ny kai.I brevet er det vist til at det via planarbeid og andre prioriteringar er lagt til rette for vekst for sjøbasert og fiskeriretta aktivitet i Gjerdsvika.
I løpet av året vil Kystverket vere ferdigmed hamnearbeidet, noko som også fører med seg nye næringsområde.
– For Sande kommune er det naturlig å tenke på Maritim Food som ein hovudaktør i arbeidet med å utvikle sjømatnæringa vidare med base i Gjerdsvika, og med dei moglegheitene som no opnar seg med betre hamneforhold og meir tilgjengeleg næringsareal, heiter det vidare.
Mykje kompetanse står i fare for å forsvinne frå det som er ei bedrift med regional betydning
Publisert: 20.03.2019 12:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32