Cecilie Myrseth Fiskebåt foto Ogne
INGEN REVOLUSJON: Kvotemeldinga er ingen revolusjon seier fiskeriminister Cecilie Myrseth og håpar på eit breitt forlik. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Håpar på semje før sommaren

Kvotemeldinga er ingen revolusjon, seier fiskeriminister Cecilie Myrseth.

13.02.2024

- Ut frå det eg har høyrt, seier dei aller fleste at dette er eit godt grunnlag for å få til ei einigheit, seier fiskeriminister Cecilie Myrseth om kvotemeldinga.

Talarane på årsmøte i Fiskebåt tysdag var samtidig samstemte i at regjeringa sitt framlegg om å endre på fordelinga av fiskekvotane til fordel for dei aller minste fiskefartøya, er ein dårleg ide.

Det vil ta inntekt frå noko, og opne opp for stadige omkampar om kvotefordelinga, var argument som vart brukt. Heller ressursrenteskatt enn omfordeling av fiskekvotar og tilføring av ekstra kapasitet i fisket, sa administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt i sitt innlegg.

- Det er akkurat som forventa. Dei har eg høyrt sidan før kvotemeldinga vart lagt fram, og eg har høyrt dei sidan. Denne ueinigheita er ikkje ny i det heile tatt. Sjølv om det blir gjentatt mange ganga er det akkurat den same ueinigheita som ligg der, seier Myrseth til NETT NO.

Sjå årsmøtet i opptak:

&t=3s

Grunnlag for forlik
Myrseth la fram kvotemeldinga på ei pressekonferanse 12. januar i år. Meldinga fortel korleis regjeringa meiner fiskekvotane skal fordelast.

Planene er at næringkomiteen på Stortinget skal avgi si innstilling innan april.

- Eg høyrer kva dei politiske partia seier, eg høyrer kva bredden i organisasjonane seier og det er at ein ønskjer eit så breitt forlik som mogleg, som kan stå seg. Det håpar eg også at stortingspolitikarane vil lytte til, og ut i frå kva eg har høyrt så seier dei aller fleste at dette er eit godt grunnlag for å få til ei einigheit, seier Myrseth.

- Kva tenkjer du det er naturleg å gi?

- Det finst ulike meiningar på begge sider av streken, også dei som er totalt ueinig med for eksempel Fiskebåt, som meiner vi burde gått enda lenger. Jobben i Stortinget vil no handle om å finne ein balanse mellom det heile som gjer at ein kan stå for det. Om alle kan vere litt fornøgd, så er kanskje eit utgangspunkt, seier Myrseth.

Publisert: 13.02.2024 13:31

Sist oppdatert: 13.02.2024 19:29

Mer om