Olve Grotle H foto Høgre
TIL FISKEBÅTÅRSMØTE: Olve Grotle er Høgre sin fiskeripolitiske talsperson. Han skal sitte i salen når fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) skal halde sitt innlegg på årsmøtet. Foto: Høgre
Nytt

Høgre: Grunnlag for samtalar om kvotemeldinga

- Eit godt grunnlag for å kunne sondere og samtale, seier Høgre sin fiskeripolitiske talperson Olve Grotle om regjeringa si kvotemelding.

12.02.2024

I morgon, tysdag 13. februar møter fiskeriminister Cecilie Myrseth (Ap) representantane for havfiskeflåten under prismekronene på Hotel Bristol i Oslo. Det er den faste årsmøtestaden for Fiskebåt, interesseorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten.

12. januar i år la ho fram regjeringa si kvotemelding, som fortel korleis regjeringa meiner fiskekvotane skal fordelast. Det første Fiskebåt reagerte på då meldinga kom var at regjeringa vil omfordele kvoter, slik at eigarane av dei minste fiskebåtane skal få ein større andel av det totale fisket enn i dag.

"Om lag 2000 fiskere og deres familier som er bosatt langs kysten kommer til å tape store inntekter som følge av regjeringens forslag til kvotemelding.", skreiv Fiskebåt på si nettside då meldinga kom

Bør lytte til næringa
Grotle rosar Myrseth og regjeringa for å ha lytta til næringa i arbeidet med meldinga, men meiner den burde ha lytta enda meir.

Det er først og fremst omfordelinga av kvoter som blir det utfordrande punktet i forhandlingane for å få til ei brei semje som kan stå seg etter komande regjeringsskifte, etter Grotle si vurdering.

Det er fleire grunnar til at store delar av næringa, med Fiskarlaget i spissen har reagert sterkt på dette.

Investeringar er gjort med utgangspunkt i gjeldande kvotefordeling, fleire har peika på at det rokkar ved struktureringa, at ordninga er eit resultat av avtaler og kompromiss som bør stå fast, og at ein treng politisk stabilitet - ikkje minst fordi næringa frå år til år må leve med store endringar i kor mykje ein får lov til å fiske.

Viser til brei samarbeidsarena
Høgre sin fiskeripolitiske talperson viser også til at Biomarint forum har bedt om at kvotefordelinga ikkje bør endrast. Det er eit syn Grotle seier han har stor forståing for.

Biomarint forum er en samarbeidsarena som samlar LO, med fagforeiningane Norsk Nærings- og
Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), Industri Energi, Fellesforbundet, Norsk Sjømannsforbund og Norsk Sjøoffisersforbund. NHO med Sjømat Norge og Norsk Industri er også med, samt Norges Fiskarlag og Fiskebåt.

Vil sjå avgrensing på eigarskap
I tillegg til omfordelinga av kvotar meiner Grotle det er grunn til å sjå på om ID-kvoteordninga óg må omfatte andre artar enn torsk. Han meiner vidare at avgrensingane i eigarkonsenstrasjonen på ein prosent til fartøy med deltakeradgang i kystfisket etter torsk, hyse, sei nord for 62 grader nord, er sett for lågt.

(ID-kvoteordninga er ei ordning for å regulerer samling av kvotar for dei minste fiskefartøya på færre fartøy enn i dag, red. merk)

SV-nei
SV har allereie varsla at partiet er misnøgd med kvotemeldinga og vil gå lenger i omfordelinga.

Skal Ap/Sp får eit fleirtal som i tillegg overlever eit regjeringskifte må det gå til Høgre, Frp, Krf og Venstre.

Blir det semje med Høgre vil det åleine sikre fleirtal. Difor er Grotle sentral i arbeidet fram til næringskomiteen skal avgi si innstilling etter påske.

Venstre er samd
Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo frå Venstre peikar også på uttalen frå Biomarint forum.

Han meiner den bør vere utgangspunkt for korleis eit politisk forlik om kvotemeldinga bør bli.

Venstre sikra fleirtal for å innføre grunnrenteskatt i oppdrettsnæringa i fjor. Forhandlingane enda med at skatten blei kutta frå 35 prosent (i tillegg til vanleg skatt på overskot) til 25 prosent. Også der ville SV gå i motsett retning, men vart parkert på sidelina.

Erfaringa er at det går an å flytte regjeringa ganske mykje i forhandlingar, seier Bjørlo.

Publisert: 12.02.2024 05:00

Sist oppdatert: 13.02.2024 13:33

Mer om