640px Sleipner oil field foto Wikimedia Commons
VIL LEITE: Arbeidarpartiet vil hald fram med oljeleiting og kutte CO2-utsleppa. Biletet viser Sleipnerfeltet i Nordsjøen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hadia Tajik med nye klimaløfte før valet: Siktar mot 1,5 grader

Arbeidarpartiet meiner Noreg bør gå i front for 1,5 grader som globalt klimamål – men vil ikkje stoppe oljeleitinga.

26.08.2021

NPK-NTB-Johan Falnes og Marie De Rosa: – Arbeidarpartiet meiner Noreg skal vere ein pådrivar for at verda saman forpliktar seg til å avgrense temperaturauken til 1,5 grader, seier Ap-nestleiar Hadia Tajik til NTB.

Ho ser no framover mot ein haust der Ap håpar på regjeringsmakt, samtidig som verdssamfunnet førebur seg på COP26 i Glasgow – det største klimatoppmøtet sidan Paris i 2015.

Parisavtalen har som mål å halde den globale oppvarminga godt under 2,0 grader og prøve å avgrense henne til 1,5 grader.

Men i Glasgow håpar det britiske vertskapet på gjennomslag for 1,5 grader som målet.

Det må Noreg støtte opp om, meiner Tajik.

– Men skal vi lykkast med dette, må det sjølvsagt gjelde alle involverte land, også dei med dei største utsleppa, seier ho.

– Det er ikkje mogleg for Noreg å lykkast med dette åleine.

Kutt på heimebane
Men nestleiaren har òg ei oppskrift på korleis utsleppa skal kuttast i Noreg.

NTB møter henne på møterom Gerhardsen på Youngstorget – det Arbeidarpartiet sitt aller heilagaste. Der går ho systematisk gjennom planen:

* Noreg skal kutte utsleppa med 55 prosent frå 1990-nivå innan 2030.

* Heile kuttet på 55 prosent skal takast heime i Noreg, både i kvotepliktig og i ikkje-kvotepliktig sektor. Det betyr at Ap ikkje vil nytte seg av moglegheita til å kjøpe kvotar frå andre europeiske land.

* CO2-avgifta skal aukast til 2.000 kroner innan 2030, meir enn tre gonger så mykje som dei 590 kronene i dag.

– Kutta må takast her heime, slår Tajik fast.

– Vi kjem ikkje til å føre ein politikk der vi er gratispassasjerar som kjøper oss fri gjennom kutt i utlandet.

Vil skjerme bilistane
Tajik tek likevel eit viktig atterhald: Klimapolitikken må byggje på tiltak som folk kan stille seg bak.

– Vi kan ikkje føre ein klimapolitikk som gjer at dei økonomiske forskjellane mellom folk aukar. Det har vi sett har skapt sterke motreaksjonar og mindre oppslutning om klimapolitikken i ein del andre land, seier ho – med tydeleg referanse til dei gule vestane i Frankrike.

Fram til 2025 vil Ap derfor halvere effekten av auka CO2-avgift på pumpeprisen. Det skal skje gjennom kutt i vegbruksavgifta. Ap har ikkje teke stilling til kva som skal skje etter 2025.

I tillegg skal bilistar i distrikta få ei ekstra skjerming mot auka CO2-avgift.

Tajik varslar samtidig ei rekkje andre tiltak innanfor vegtransport:

* Auka løyvingar til kollektiv. Staten skal ta inntil 70 prosent av kostnaden i store prosjekt i og rundt dei største byane.

* Minst éin hurtigladestasjon i alle kommunar som manglar det i dag.

* Skjerpa krav til innblanding av annan generasjons biodrivstoff.

Forsiktig i oljepolitikken
I oljepolitikken trør Ap endå meir varsamt.

Målet til Ap er at utsleppa frå produksjon av olje og gass på norsk sokkel skal kuttast med 50 prosent frå 2005-nivå innan 2030. Det skal mellom anna skje gjennom elektrifisering av både nye og eksisterande oljefelt.

Men Ap vil ikkje gå med på kravet som Raudt, SV, MDG og Venstre alle går til val på – nemleg full stans i oljeleitinga. NTB får stadfesta at utgangspunktet til Ap er at leitinga skal halde fram både i modne og umodne område på sokkelen.

Ein raudgrøn valsiger vil truleg òg bety harde forhandlingar om oljeskatt. Her krev SV store innstrammingar.

Men noko slikt vil ikkje Ap varsle.

– Vi har ingen planar om endringar i oljeskatteregimet, seier Tajik.

– Er de opne for å forhandle om oljeskatteregimet i regjeringsforhandlingar etter valet?

– Vi er opptekne av at olje-, gass- og leverandørindustrien, som er ein veldig viktig industri for Noreg, har føreseielege rammevilkår.

– Er det nokon delar av oljeskatteregimet de ikkje er villige til å forhandle om?

– Igjen, det er føreseielegheita i rammevilkår som er viktig for oss.

SV og Venstre-kritikk
SV og Venstre meiner Ap-nestleiar Hadia Tajik kjem med tomme klimaløfte så lenge partiet hennar ikkje vil avslutte oljeleitinga.

– Aps klimapolitikk og oljepolitikk frontkolliderer. Den går ikkje opp, seier SVs stortingsrepresentant Lars Haltbrekken.

Han reagerer på at Ap-nestleiar Hadia Tajik i eit intervju med NTB seier at Noreg bør gå i front for 1,5 grader som globalt klimamål, samtidig som ho ikkje vil gå med på kravet som SV, MDG, Venstre og Raudt alle går til val på – nemleg full stans i oljeleitinga.

SV: Tomme ord
Haltbrekken skuldar Ap for å komme med tomme ord. Han meiner stans i oljeleitinga er ein føresetnad for å nå eit globalt klimamål om 1,5 grader og viser til den dystre klimarapporten frå FNs klimapanel (IPCC).

– Ap må byrje å lytte til vitskapen som seier noko om kva som skal til for å nå klimamåla. Viss ikkje fryktar eg at dette blir nok eit vakkert mål som blir brote om nokre år, seier Haltbrekken.

Venstre: Ingen nye tiltak
Også klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) meiner Ap manglar truverd i klimaspørsmålet når partiet ikkje går inn for full oljestans.

– Dei snakkar om å skjerpe klimapolitikken, men foreslår ikkje eit einaste tiltak som ikkje allereie ligg inne i dagens klimapolitikk, seier Rotevatn.

Ifølgje Rotevatn vil Aps plan for CO2-avgifta få motsett effekt. Til liks med regjeringa har Ap som mål å tredoble CO2-avgifta fram mot 2030. Ap vil likevel halvere effekten av den auka klimaavgifta på pumpeprisen gjennom kutt i vegbruksavgifta.

Meiner utsleppa vil auke
– Det vil føre til mykje høgare utslepp, særleg for tungtransporten, seier Rotevatn.

Sjølv har regjeringa lova at auka klimaavgifter skal kompenserast av ein tilsvarande skatte- eller avgiftslette.

Det skal skje på ein måte som ikkje svekkjer miljøeffekten av CO2-avgifta, ifølgje Rotevatn.

– Til dømes ved auka pendlarfrådrag. Då kjem ein best ut om ein køyrar elbil. Løysinga til Ap, derimot, vil gjere fossilt drivstoff billigare, seier han.



Publisert: 26.08.2021 11:21

Sist oppdatert: 26.08.2021 11:32

Mer om