Har faatt god fart paa Norroena
OPPTUR: Norrøna på veg inn til Tórshavn på Færøyane. Ferja er no 25,5 prosent Herøy-eigd.
Nytt

Har fått god fart på Norrøna

Per Sævik var med å redde cruiseferja Norrøna frå konkurs i 2010. Etter ein vanskeleg start, går drifta no godt.

25.01.2016
- Omfattande kostnadskutt og rasjonalseringar som vart igongsette i 2011 har stabilisert økonomien i .
- I tilleg bidreg lave oljeprisar og fraktinntekter, seier styreleiar Jens Meinhard Rasmussen i Smyril Line til NETT NO.

Frå 34 til 51 prosent

Herøy-selskapet Havila AS med Per Sævik i spissen kjøpte seg inn i selskapet i 2010. Dette skjedde i samarbeid med det færøyiske selskapet Supply Service og kompanjongane Osmund og Tummas Justniussen.
Kjøpet skjedde etter at det færøyiske selskapet bak cruiseferja Norrøna fekk store økonomiske problem. Gjennom ein redningsoperasjon med omfattande kapitalinnsprøyting fekk Supply Service kjøpe 34 prosent av Norrøna, men med avgjerande innflyting og med rett til å kjøpe seg opp til 51 prosent.
No eig Supply Service 51 % av selskapet med det færøyiske landsstyret som nest største aksjonær.

- Motorvegen til Europa

Jens Meinhard Rasmussen seier at det er svært viktig at eigarskapet er godt forankra på Færøyane.
- Vi skal bidra til turismen til Færøyane, og samstundes yte god service til våre færøyiske frakt- og passasjerkundar.
- Vi kan seie at ferja utgjer motorvegen mellom Færøyane og Europa.

Islandsk krim

Den 161 meter lange og 33 meter cruiseferja er no i fokus på NRK gjennom den islandske krimserien «Innesperret».
Ferja trafikkerer ruta Hirtshals i Danmark, Tórshavn på Færøyane og Seydisfjordur på Island.
Norrøna vart bygt ved Flender Werft i Tyskland i 2003. Ferja kan ta 1481 passasjerar, 400 bilar og rundt 80 trailerar.

Dårleg start

Det er snakk om eit moderne skip med god komfort, fleire barar, stor handleavdeling, symjebasseng, trimrom og leikerom.
Drifta av Norrøna starta ikkje godt. Mellom anna kolliderte skipet med kaia på Tórshavn i 2004, og fekk ei ti meter lang flengje i skroget. I 2007 fekk skipet maskinproblem i dårleg vér, og i tolv meter høge bølgjer vart 60 bilar skada, fleire totalt.
Jens Meinhard Reinhardsen seier at det var heilt avgjerande å få inn nye eigarar i 2010.
- Det var behov for frisk kapital, men ingen andre enn Sævik og Justinussen ville vere med.
- Verdien på aksjane for fem år sidan var i praksis lik null. Selskapet ville gått konkurs om dei nye eigarane ikkje var villig til å risikere eit større milionbeløp i frisk kapital.

Hjelp av oljeprisen

No går drifta godt.
- Dette er også nødvendig, ikkje minst ettersom vi har med kapitalkrevjande aktivar å gjere, som skal vedlikehaldast, oppgraderast og fornyast, seier Rasmussen.
Han seier at den lave oljeprisen bidreg mykje i positiv lei. I tillegg har ein i stor grad leveransane av laks til kontinentet.
- Det ser bra ut framover, men vi veit også at alle kriser vert skapte i gode tider. Difor har vi stort fokus på sunn drift og fornøgde kundar, seier Rasmussen.
Tidlegare gjekk gamle Norrøna både til Bergen og til Shetland. Rasmussen seier at det førebels ikkje er planar om å endre dagens rute.
- Nei, vi har ingen slike planar no.
Selskapet ville gått konkurs om dei nye eigarane ikkje var villig til å risikere eit større milionbeløp i frisk kapital

Publisert: 25.01.2016 08:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52