Mørenot stadfestar til Intrafish at det er dei som leverte nota som skal ha vore årsak til at opptil 87.000 torsk rømte frå eit oppdrettsanlegg i Voldsfjorden.
Det er Gadus Group som driv torskeoppdrett på staden, og som opplevde den storstilte rømminga i september. I ettertid opplyste selskapet at feil ved nøtene som blei nytta i merdene, var årsaka til at fisken slapp ut i fjorden. Men oppdrettsselskapet ville ikkje opplyse kven som var leverandøren.
Administrerende direktør Arne Birkeland i Mørenot stadfestar at dei leverte nøtene i mai. Han viser til at dei jobbar saman med styresmaktene og Gadus for å avdekke kva som har skjedde, og vil ikkje vil spekulere i årsaken medan dette arbeidet pågår.
Publisert: 21.12.2022 14:25
Sist oppdatert: 21.12.2022 14:29