I 2017 vart resultatet før skatt på minus 77 millionar kroner, femti millionar kroner meir i tap enn året før. På tre år har verftet hatt eit driftsresultat på minus 131 millionar kroner, og selskapet kom i brot med lånevilkåra.
Men no ser styret lysning, blant anna etter at eigarane har skote inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital, ein har fått tatt opp eit nytt langsiktig lån på 10 millionar kroner og fått auka byggjelånsramma.
Hjørnesteinsbedrifta i Sande er no skilt ut frå Kleven-konsernet, der Hurtigruten-aksjonærane har overtatt fullt eigarskap av Kleven Verft i Ulstein.
Myklebust Verft er 100 prosent eigd av Kleven Maritime Invest, Det betyr at Hurtigruten-aksjonærane framleis inne på eigarsida på Myklebust Verft, saman med blant anna Inyard Invest med Åge Remøy i spissen og John Kleven as, med Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven som eigarar. I tillegg er Per-Christian Kroepelien Lillebø og H-Invest medeigarar.
Hittil i år er det levert ein slaktebåt til Dess Aqua, ein trålar til Gitte Henning, hekktrålaren Kirkella og ein hekktrålar til eit fransk selskap.
I november skal det leverast to ferjer til Namsos Sjø, men deretter har ikkje verftet fleire nybyggingsoppdrag.
Styret skriv i årsmeldinga at sjukefråveret i 2017 var på 7,2 prosent, noko ein ikkje er nøgd med.
Ved vertftet var det også ei dødsulukke i mai i fjor, då ein tilsett frå eit leigefirma fall ned i dokka frå ein båt.
Styret opplyser at det er sett i verk skjerpa sikerheitsrutiner ved arbeid i høgda, i tillegg til at det er innført skjerpa reaksjonar ved brot på rutinene.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 672 millionar kroner. Eigenkapitalen var på 49,2 millionar kroner.
Men no ser styret lysning, blant anna etter at eigarane har skote inn 30 millionar kroner i ny eigenkapital, ein har fått tatt opp eit nytt langsiktig lån på 10 millionar kroner og fått auka byggjelånsramma.
Hjørnesteinsbedrifta i Sande er no skilt ut frå Kleven-konsernet, der Hurtigruten-aksjonærane har overtatt fullt eigarskap av Kleven Verft i Ulstein.
Myklebust Verft er 100 prosent eigd av Kleven Maritime Invest, Det betyr at Hurtigruten-aksjonærane framleis inne på eigarsida på Myklebust Verft, saman med blant anna Inyard Invest med Åge Remøy i spissen og John Kleven as, med Kjersti Kleven og Annelise Godø Kleven som eigarar. I tillegg er Per-Christian Kroepelien Lillebø og H-Invest medeigarar.
Minkar på oppdrag
Myklebust Verft hadde ei omsetning på vel 1,5 milliardar kroner i fjor, og leverte då to brønnbåtar til Sølvtrans og to trålarar til Deutche Fischfang-Union.Hittil i år er det levert ein slaktebåt til Dess Aqua, ein trålar til Gitte Henning, hekktrålaren Kirkella og ein hekktrålar til eit fransk selskap.
I november skal det leverast to ferjer til Namsos Sjø, men deretter har ikkje verftet fleire nybyggingsoppdrag.
26 prosent frå utlandet
Verftet sysselsette ved siste årsskifte 148 årsverk, der 26 prosent av arbeidsstokken hadde utanlandsk opphav.Styret skriv i årsmeldinga at sjukefråveret i 2017 var på 7,2 prosent, noko ein ikkje er nøgd med.
Ved vertftet var det også ei dødsulukke i mai i fjor, då ein tilsett frå eit leigefirma fall ned i dokka frå ein båt.
Styret opplyser at det er sett i verk skjerpa sikerheitsrutiner ved arbeid i høgda, i tillegg til at det er innført skjerpa reaksjonar ved brot på rutinene.
Selskapet hadde ved årsskiftet ei samla gjeld på 672 millionar kroner. Eigenkapitalen var på 49,2 millionar kroner.
Publisert: 13.08.2018 12:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25