Eit møte mellom fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) og olje- og energiminister Tord Lien (Frp) gav ikkje resultat, men næringslivet i Florø har ikkje tenkt å gje opp kampen for å behalde forsyningstenesta til dei store felta i Nordsjøen på eigen base, nokre båtlengder frå hovudgata i kystbyen (sjå faktaboks).
- No står eg på kontoret mitt og ser to forsyningsbåtar på veg inn til Florø og ein er på veg ut, seier Hollevik, sentral næringslivsmann og politikar i heimbyen og i Sogn og Fjordane.
- Vi skal ha eit møte med Statoil på nyåret, og då vil vi syne fram innovasjon i forsyningstenesta, seier Hollevik som ikkje ønskjer å konkretisere innhaldet før pakken er klar.
Florø vart grunnlagd på silda i 1860, og dei knapt 10.000 innbyggjarane i byen er van med oppturar og nedturar, siste tiåra særleg knytt til skipsverftet, men meldinga frå Statoil våren 2013 om å flytte all forsyning frå Florø og Sotra (Coast Center Base) til Mongstad, var uventa og skremmande.
- No vert det ikkje berre ein base. For Snorre og Visund er konsesjonsvilkåra frå Stortinget så tydelege at Statoil ikkje kan flytte frå Florø. Problemet er at vi ikkje får sjå reknestykket til Statoil, seier Hollevik.
57-åringen er utdanna siviløkonom og har i mange år vore driftssjef i Safari Engros AS som broren Atle Hollevik (63) eig, og som er ein stor leverandør av forsyningar til Statoil. For eit og eit halvt år sidan slutta Bjørn og gjekk over i ei friare rolle i andre selskap for å konsentrere seg om politikk og næringsarbeid (sjå faktaboks).
Basekontraktane går ut 1. juli 2015 og næringslivet i Florø har kort tid på seg dersom dei skal få Statoil til å finne andre løysingar. Bjørn Hollevik har gjort eit klart val i høve til å jobbe saman med næringslivet i denne fasen.
- Den politiske jobben får fylkesordførar, ordførar og andre ta seg av, seier han.
Som politikar har Hollevik fått nokre aha-opplevingar og dyrkjøpte erfaringar.
- Dette har eg også sagt til kollegaer på Stortinget frå nord, når oljeselskapa lover ”gull og grøne skogar” viss dei får komme i gang i Lofoten-Vesterålen, seier Hollevik.
- Vi kan ikkje gå inn politisk og overprøve eit selskap. Statoil og andre skal følgje konsesjonsvilkåra, for det er nettopp der samfunnet kan leggje vekt på andre forhold enn dei reine kommersielle, og det må Statoil gjere på Snorre og Visund, men for dei andre felta ser det ut som Stortinget ikkje gjorde ein god nok jobb.
- Eg registrerer at Ingrid Heggø (Ap) meiner at regjeringa ikkje løftar ein finger i denne saka, men det er rein retorikk. Ei raudgrøn regjering med Ola Borten Moe som statsråd ville ikkje gjort det annleis, seier Hollevik.
Skulle 400-500 arbeidsplassar ryke som følgje av Statoils flytteplanar, vil det slå hardt.
- Det kostar meir å reise seg for kvar gong, seier Bjørn Hollevik.
- No står eg på kontoret mitt og ser to forsyningsbåtar på veg inn til Florø og ein er på veg ut, seier Hollevik, sentral næringslivsmann og politikar i heimbyen og i Sogn og Fjordane.
Innovasjon
Han brukar storparten av arbeidstida si til å jobbe fram fakta og argument for at Statoil skal sjå på saka på ny og finne ei anna løysing.- Vi skal ha eit møte med Statoil på nyåret, og då vil vi syne fram innovasjon i forsyningstenesta, seier Hollevik som ikkje ønskjer å konkretisere innhaldet før pakken er klar.
Florø vart grunnlagd på silda i 1860, og dei knapt 10.000 innbyggjarane i byen er van med oppturar og nedturar, siste tiåra særleg knytt til skipsverftet, men meldinga frå Statoil våren 2013 om å flytte all forsyning frå Florø og Sotra (Coast Center Base) til Mongstad, var uventa og skremmande.
Skal spare 200 mill.
Statoils grunngjeving er at dei må effektivisere for å vere konkurransedyktige i framtida. Selskapet reknar med å spare 200 millionar kroner i årlege utgifter som følgje av sentraliseringa frå tre til ein forsyningsbase.- No vert det ikkje berre ein base. For Snorre og Visund er konsesjonsvilkåra frå Stortinget så tydelege at Statoil ikkje kan flytte frå Florø. Problemet er at vi ikkje får sjå reknestykket til Statoil, seier Hollevik.
57-åringen er utdanna siviløkonom og har i mange år vore driftssjef i Safari Engros AS som broren Atle Hollevik (63) eig, og som er ein stor leverandør av forsyningar til Statoil. For eit og eit halvt år sidan slutta Bjørn og gjekk over i ei friare rolle i andre selskap for å konsentrere seg om politikk og næringsarbeid (sjå faktaboks).
Sårbart miljø
- Vi har sett lenge at miljøet er veldig sårbart når ein kunde, Statoil, står for 80 prosent av aktiviteten på Fjord Base. Når dei løftar fingeren – feil veg – så får det store utslag. Siste åra har Gas de France Suez og BG etablert seg her, men dei er også avhengig av den breidda som Statoil står for, seier Hollevik.Basekontraktane går ut 1. juli 2015 og næringslivet i Florø har kort tid på seg dersom dei skal få Statoil til å finne andre løysingar. Bjørn Hollevik har gjort eit klart val i høve til å jobbe saman med næringslivet i denne fasen.
- Den politiske jobben får fylkesordførar, ordførar og andre ta seg av, seier han.
Dyrkjøpte erfaringar
Det enkle utgangspunktet er at dei store felta på Tampen, Gullfaks, Statfjord og Snorre, ligg mykje nærare Florø enn Mongstad. Ut frå geografi og HMS (helse, miljø og tryggleik) er dette framleis argument som talar for Florø, meiner næringslivet.Som politikar har Hollevik fått nokre aha-opplevingar og dyrkjøpte erfaringar.
Gull og grøne skogar
- Dei politikarane som tildelte Statoil konsesjonar og meinte at forsyninga skulle skje frå Florø, har ikkje vore tydelege nok. I denne prosessen har vi sett at det berre er ordlyden i tildelingsbreva (av konsesjonane, red. merk.) som vert lagt vekt på. Her er det teknokratane som styrer og politikarane som signerer. I framtida må teksten i tildelingsbreva hoggast i stein, seier Hollevik.- Dette har eg også sagt til kollegaer på Stortinget frå nord, når oljeselskapa lover ”gull og grøne skogar” viss dei får komme i gang i Lofoten-Vesterålen, seier Hollevik.
Kan ikkje overprøve
- Du representerer det største regjeringspartiet, kan ikkje regjeringa gripe inn og syte for at Florø og Sogn og Fjordane får behalde viktige oppgåver og arbeidsplassar?- Vi kan ikkje gå inn politisk og overprøve eit selskap. Statoil og andre skal følgje konsesjonsvilkåra, for det er nettopp der samfunnet kan leggje vekt på andre forhold enn dei reine kommersielle, og det må Statoil gjere på Snorre og Visund, men for dei andre felta ser det ut som Stortinget ikkje gjorde ein god nok jobb.
- Eg registrerer at Ingrid Heggø (Ap) meiner at regjeringa ikkje løftar ein finger i denne saka, men det er rein retorikk. Ei raudgrøn regjering med Ola Borten Moe som statsråd ville ikkje gjort det annleis, seier Hollevik.
Kostar å reise seg
Florø er knytt til havet, og fiskeri, oppdrett og maritime næringar er avgjerande for utviklinga. Framleis snakkar folk om Ankerløkken og konkursen i 1985, då var Bjørn Hollevik nyutdanna siviløkonom, kom inn i kreditorutvalet og kjende nedturen på kroppen. Sidan har det svinga, med gode tider for bygging av kjemikalietankarar, men siste åra har verftet leita etter nye oppgåver. I dag med Westcon som eigar. Verftet har spennande planar, men har førebels berre 50-60 fast tilsette.Skulle 400-500 arbeidsplassar ryke som følgje av Statoils flytteplanar, vil det slå hardt.
- Det kostar meir å reise seg for kvar gong, seier Bjørn Hollevik.
I framtida må teksten i tildelingsbreva hoggast i stein
Publisert: 02.01.2014 07:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30