Vindturbin hywind tampen foto havila shipping
HISTORISK: Her er første vindturbinen på veg ut til Hywind Tampen. Skipa som dletek er Havila Shipping-skipet Havila Venus. DOF-skipet Skandi Icemaan, Solstad-skipet Normand Sirius og BB Octopus frå Buksér og Berging. Foto: Havila Shipping
Nytt

Her vert første Hywind Tampen-turbinen slept ut

Bygginga av verdas største flytande vindpark har starta.

16.06.2022

Med Havila Shipping-skipet Havila Venus i front for slepet, er den første turbinen til Hywind Tampen på plass i Nordsjøen.

Torsdag morgon er dei fire skipa Havila Venus, Skandi Iceman, BB Octopus og Normand Sirius på veg med endå ein turbin.

Ut frå Gulen
Farta på slepet er akkurat no på berre 0,3 knop, viser tal frå Marine Traffic, men det er venta at alle dei elleve turbinane skal vere slepte ut og fast forankra i løpet av 55 døgn.

Slepa foregår ut Fensfjorden frå Wergeland Base i Gulen, der samanstillinga av vindturbinane har skjedd. Sjølve konstruksjonane er bygde hos Kværner Stord og Dommernes.

Equinor opplyser at vindparken vil kunne dekke om lag 35 prosent av det årlege elektriske kraftbehovet for dei fem plattformene Snorre A og B og Gullfaks A, B og C.

288578387 457500476182221 4507064062922565276 n
HAVILA VENUS: Havila Shipping har fått avtale på 55 døgn fast, pluss opsjonar, for jobben med å slepe elleve vindturbinar ut til Hywind Tampen. Foto: Havila Shipping

Stor djupne
Vindparken ligg om lag 140 kilometer ut frå kysten, der vassdjupna er mellom 260 og 300 meter.

Turbinane er monterte på flytande betongstrukturar med felles forankringssystem.

Kvar turbin har ein rotor på 167 meter i diameter og 81,5 meter lange blad.

Enova har støtta prosjektet med inntil 2,3 milliardar kroner. I tillegg har Equinor og partnerane fått 566 millionar kroner i støtte med næringslivets NOx-fond.

Hywind
ELEKTRIFISERING: Hywind Tampen ligg midt mellom Snorre og Gullfaks, og skal bidra til å elektrifisere Snorre A og B og Gullfaks A, B og C. Skisse: Equinor

Delte meiningar
Prosjektet har vore omstridd. Blant anna har fiskarorganisasjonane vore kritiske. Equinor og partnerane har også møtt kritikk, blant anna frå SV, for å ikkje bidra meir med eigne midlar i prosjektet.

Tilhengarane viser derimot til at prosjektet opnar opp store nye industrimulegheiter i Norge innanfor ein rask veksande marknad for flytande havvind.

Det blir også vist til at prosjektet kan gi meir enn 200.000 tonn i reduserte CO2-utslepp per år, i tillegg til reduserte NO-utslepp på 1 000 tonn årleg.

Sjå video her.

Publisert: 16.06.2022 15:45

Sist oppdatert: 17.06.2022 06:17

Mer om