Har ordrebok på tre milliardar
Godt med arbeid i Vard Electro, som satsar på å hente meir inntekter utanfor Vard-systemet.
Hittil har mesteparten av inntektene til Vard Electro kome gjennom prosjekt i Vard-systemet. Dette skal det no endrast på. Framover skal det satsast også stort på inntekter frå eksterne kundar. Ei rekke nye løysingar skal bidra til dette.
I fjor omsette Vard Electro for over 1,6 milliardar kroner, og resultatet før skatt enda på 75,2 millionar.
Ordreboka er på over tre milliardar kroner. Det gjer at dei tilsette har fullt opp å gjere i år, og med enkelte prosjekt også fram til 2024.
Vard Electro | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2021 | 2020 | |
Driftsinntekter | 1612,1 | 1293,2 | |
Driftsresultat | 93,3 | 71,6 | |
Resultat før skatt | 75,2 | 70,7 |
Forventar meir aktivitet
Styret i det Fincantieri-eigde selskapet er positive for utviklinga i dotterselskapet Vard Electro. Det blir vist til at ein har utvikla ei rekke nye produkt for framdriftssystem, automasjon og bruløysingar, inkludert ei integrert bruløysing for yachtar og cruiseskip. Her forventar ein meir sal framover.
Rett nok blir det vist til at det framleis er ein god del prosjekt som er sette litt på vent på grunn av pandemien, men ein reknar med at det vert fart på kontraktssigneringane etter kvart som verda opnar meir opp igjen.
Norge klart størst
Totalt er det 725 tilsette i Vard Electro, fordelt på ni land.
Sjølv om selskapet er ein internasjonal aktør, er den norske delen er størst, med 324 tilsette, derav 46 kvinner.
Over 1,3 milliardar kroner av omsetninga i fjor kom frå norske prosjekt.
Selskapet har nedsett ei eiga gruppe på sju tilsette som berre jobbar med forsking- og utviklingsprosjekt. I tillegg har ein nedsett ei anna gruppe som jobbar med nye grøne løysingar.
Publisert: 20.07.2022 09:05
Sist oppdatert: 20.07.2022 09:35