Optimistiske tonar frå dette Vard-selskapet
Har styrka seg økonomisk, har ein ordrereserve på 3,3 milliardar og satsar meir på eksterne kundar.
Medan Vard Group slit tungt økonomisk, med 1,8 milliardar kroner i tap i 2020, det sjuande året på rad med store minustal, er tonane meir optimistiske for det heileigde dotterselskapet Vard Electro.
Dette selskapet leverer i stor grad tenester til Vard Group, men har i løpet av fjoråret styrka eigenkapitalen frå 39 til 93 millionar kroner, og har på nytt positiv arbeidskapital.
Dette går fram av årsrapporten frå det Tennfjord-baserte selskapet.
Fjoråret enda med eit resultat før skatt på 70,7 millionar kroner, av ei samla omsetning på knappe 1,3 milliardar.
(saka held fram etter tabellen)
Vard Electro | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 1293 | 1633 | |
Driftsresultat | 71,6 | 47,6 | |
Resultat før skatt | 70,7 | 19,9 |
Les også
Satsar meir eksternt
Totalt er det 785 tilsette i Vard Electro. Sjølv om den norske delen er størst, har selskapet tilsette i land som Romania, Italia, India, Singapore, Storbritannia. Vietnam, Brasil, Canada og USA.
Av årsrapporten går det fram at Vard Electro i rumenske Tulcea i fjor bidrog med eit overskot på 17,0 millionar. Satsinga i Canada bidrog med 9,1 millionar, Vard Electro i rumenske Tulcea med 3,1 millionar, og det vart også pluss i Italia og Brasil, medan det derimot vart minus 1,6 millionar kroner i India.
Tala må sjåast i samanheng med at selskapet i stor grad leverer utstyr og tenester til Vard Group, men no vert det opplyst at ein framover vil fokusere meir på oppdrag for eksterne kundar.
Solid ordrereserve
Dette trass i at ordrereserven ved årsskiftet var på 3,3 milliardar kroner, og der styret opplyser at ein har tilnærma fullt opp med arbeid i 2021 og 2022, og fleire oppdrag som også strekker seg fram mot 2024.
Blant anna har Vard Electro inngått avtale om levering av elektriske installasjonar til fire cruiseskip for det italienske morselskapet Fincantieri.
Ser betring
Styret i Vard Electro opplyser at ein følgjer den økonomiske utviklinga i Vard Electro nøye, og lovar at eigarane vil stille opp dersom det vert behov for å styrke eigenkapitalen eller arbeidskapitalen. Det vert også vist til at styret i Vard Group har forsikra at morselskapet Fincantieri er i stand til å stille nødvendig finansiering - om det skulle vise seg å vere nødvendig.
Men styret ser også fleire positive teikn, som gir grunn til fornya optimisme. Spesielt vert det vist til at dei fleste cruiseselskap forventar å få flåten i sving att i løpet av året, og det vert opplyst at spesielt innanfor ekspedisjoncsruise, som Vard Electro har hatt store leveransar til, er det på nytt teikn til større aktivitet.
Styret opplyser også at ein ser teikn til betring i offshoremarknaden.
Publisert: 26.07.2021 12:39
Sist oppdatert: 26.07.2021 12:42