Havila shipping aksjekurs september 2021 innfelt njål 11
KURSHOPP: Reiarsjef Njål Sævik kan konstatere at kursen går rett opp for Havila Shipping-aksjen siste dagane. Foto: Skjermdump frå Oslo Børs/Marius Rosbach
Nytt

Store hopp i Havila Shipping-aksjen

- Hyggjeleg, men vi lever ikkje av aksjekursen, seier toppsjefen.

24.09.2021

For tredje dag på rad er Havila Shipping-aksjen børsvinnar på Oslo Børs fredag.

Administrerande direktør Njål Sævik seier at det ikkje er noko han kjenner til, som er årsak til den store interessa for aksjen.

- Nei, det er akkurat no bra rater for ankerhandterar, men på årsbasis hjelper det ikkje så mykje med ei veke med bra rater.

Fredag midt på dagen var kursen opp over 35 prosent, og var på det høgste vorte handla til 7,86 kroner aksjen.

Ved 10.30-tida vart aksjen handla til rundt 7,40 kroner aksjen - og dagen enda på 7.28 kroner aksjen - som prisar selskapet til 173 millionar.

Pluss 180 prosent
Siste månaden har dermed kursen gått opp 180 prosent.

Så seint som 27. august vart aksjen handla til 2,81 kroner.

- Det er hyggjeleg, men vi lever ikkje av aksjekursen, seier Sævik.

På fleire forum vert det spekulert i om aksjekursen skal gå vidare oppover.

- Eg veit at det er litt haussing rundt aksjen på ulike aksjeforum, men dette er ikkje noko eg følgjer med på, seier Sævik.

Publisert: 24.09.2021 10:41

Sist oppdatert: 24.09.2021 21:01

Mer om