– Ein historisk dag, seier Lars Oscar Øvstegård som fredag har varsla finansdepartementet om at eit søksmål er på veg.
Som kjent har han bestemt seg for å saksøke staten for å få fjerna formuesskatten på arbeidande kapital.
Då søksmålvarselet blei sendt ved 15-tida fredag, var den formelle prosessen i gong.
Mottakar er finansdepartementet ved finansminister Jens Stoltenberg. I varselet blir det vist til at målet er å få kjent formuesskatten på arbeidande kapital ulovleg.
Vil ha rettssaka til Ålesund
Varslet blei sendt til departementet av advokat Jan Magne Langseth som i vinter slutta seg til det juridiske teamet Øvstegård har på si side.
Det skjedde med TV2 til stades, og kanalen har planar om å sende ei større reportasje om søksmålet i helga.
Ettersom Øvstegård er busett i Ørsta, vil søksmålet bli lagt til Møre og Romsdal tingrett.
Gjennom søkmålet vil det bli dokumentert korleis Øvstegård og fleire andre «unødig har måttet tappe sine selskaper for å betale formuesskatt, framfor å la midlene virke i selskapene», heiter det i varselet.
– Det har hatt sin pris
Lars Oscar Øvstegård legg ikkje skjul på at det har vore mykje arbeid som er lagt ned sidan han bestemte seg for å gå til søksmål sommaren for snart to år sidan.
– Det har hatt sin pris for meg personleg, men eg er så glad i norskeigd næringsliv, at det er verdt kampen, seier han.
Samtidig er det først no kampen startar for alvor.
Øvstegård driv med næringseigedom i Ørsta og er eit kjent ansikt for mange i lokalmiljøet. Han vann årets Næringsdrivkraft i 2022 frå Sparebank 1 SMN, og har eit sterkt engasjement for å skape liv i bygda.
Etter Støre-regjeringa sine skatteskjerpingar kjente han seg urettvist behandla. Han har mellom anna fortalt korleis han må ut med kring åtte prosent av omsetninga si, berre for å betale formuesskatt på arbeidande kapital.
Publisert: 14.03.2025 16:00
Sist oppdatert: 14.03.2025 16:24