Lars Oscar Fossen Øvstegård foto Marius Rosbach 11
FORTVILA: Lars Oscar Fossen Øvstegård fortvilar over korleis han må tappe bedrifta for å betale formuesskatt. For å betale 300.000 kroner i skatt, må han ta ut dobbelt så mykje frå bedrifta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil teste formuesskatten i retten

Ørsta-gründer er villig til å låne millionbeløp og har alliert seg med advokat, rekneskapsførar og bank for å gå til sak mot staten.

Marius Rosbach
03.06.2023

– Støtter deg 100 prosent, var svaret fra banken då Lars Oscar Fossen Øvstegård spurde om han kunne låne ein million kroner for å gå til sak mot staten grunna formuesskatten.

Korvidt millionlånet blir en realitet – eller om saka nokon gong kjem for retten – er langt frå sikkert. Men gründeren frå Ørsta har allereie teke kontakt med advokat og rekneskapsførar for å starte prosessen.

– I botnen handlar det om kva som er rett og gale - og rettferdig. Og om dei som styrer landet i dag ikkje ser verdien i dei som tør å skape noko, seier han til NETT NO.

Om søksmålet skulle ende med totalhavari, så går han iallfall ned med flagget til topps, som han seier. Humøret har han med andre ord i behald.

Formuesskatten tappar midlar frå bedriftene, og energi til å skape noko
Lars Oscar Fossen Øvstegård

– Tappar midlar frå bedriftene
Øvstegård driv med næringseigedom i Ørsta og er eit kjent ansikt for mange i lokalmiljøet. Han vann årets Næringsdrivkraft i 2022 frå Sparebank 1 SMN, og har eit sterkt engasjement for å skape liv i bygda.

No kjenner han seg urettvist behandla og viser til at han er nøydt til å ta ut nær ti prosent av omsetninga si, berre for å betale formuesskatt på arbeidande kapital.

– Formuesskatten tappar midlar frå bedriftene, og energi til å skape noko. Om politikarane hadde teke vekk denne skatten, så ville dei skapt meir verdiar, seier han.

– Men eg er mest uroa for dei som kanskje ønskjer å satse, men som no ikkje tør. Då er det verkeleg fare på ferde, legg han til.

Kan vere diskriminerande
Ørstingen har involvert advokat Bjarte Aambø frå Øverbø Gjørtz for å undersøke moglegheitene for eit søksmål.

– Vi meiner at dette først og fremst er ei politisk sak, seier Aambø.

Men han legg til at det likevel kan vere verdt å sjå på dei juridiske aspekta av saka - ikkje minst forskjellsbehandlinga mellom norske og utanlandske eigarar, og forholdet til EØS-avtalen.

Sjølv om formuesskatten ikkje har vore meinte å vere diskriminerande, kan til eksempel praksisen føre til at det er tilfelle.

Han fortel at spørsmålet om Norge har handla i strid med forpliktingane sine i høve EØS-avtalen i skatte- og aksjelovgivinga, ikkje er nærare utgreia.

Bjarte Aambø Sylvi Listhaug Lars Oscar Fossen Øvstegård Geir Høydalsvik foto Marius Rosbach 11
MØTTE FRP-LEIAREN: Advokat Bjarte Aambø (f.v.), Frp-leiar Sylvi Listhaug, Lars Oscar Fossen Øvstegård og rekneskapsførar Geir Høydalsvik. Frp-leiaren meiner det er interessant å få vurdert formuesskatten mot EØS-reglane om å unngå forskjellsbehandling. Foto: Marius Rosbach

Vil vere naturleg med ei allianse
Ei eventuell rettssak vil truleg ende med å gå i fleire rettsinstansar nasjonalt, og det kan vere aktuelt å melde saka inn for ESA - eller i yste konsekvens EFTA-domstolen, ifølgje Aambø.

Om søksmålet blir ein realitet meiner advokaten det er naturleg at Øvstegård allierer seg. Etter det NETT NO kjenner til blir det óg vurdert tilsvarande søksmål frå fleire hald, mellom anna aksjonen for norsk eigarskap, som Knut Flakk og Roger Hofseth står bak.

Advokat Aambø tør ikkje spå kva utfallet kunne blitt:

– Dette er veldig komplekst, og eg tør ikkje seie kva ei slik vurdering ville ende opp med, seier Aambø.

Kronikk i Dagens Næringsliv
Fredag hadde Øvstegård på trykk ein kronikk i Dagens Næringsliv om saka – og NETT NO publiserer i dag ei lengre utgåve der han fortel meir om bakgrunnen for kvifor han meiner formuesskatten er urettvis.

Eit viktig punkt er forskjellsbehandlinga av norske og utanlandske eigarar.

Samtidig påpeiker Øvstegård mellom anna at verdiane på eit næringsbygg i grisgrendte strøk, i realiteten er ein heilt anna, enn om det ligg sentralt i ein by.

Når tilhengarar av formuesskatten seier bedriftseigarar kan selje verdiar for å betale den personlege skatten, blir han oppgitt.

– Kor lett er å selje ein bit av eit bygg, spør mellom anna Øvstegård.

Lars Oscar Fossen Øvstegård møte foto marius
NÆRINGSEIGEDOM: På Strømpeneset har Lars Oscar Fossen Øvstegård ein næringseigedom, der han mellom anna har Vik Ørsta og Mowi som leigetakarar. Foto: Marius Rosbach

– Redd for at vi misser underskogen
Rekneskapsførar Geir Høydalsvik i Reknehuset er ikkje i tvil om at skatt på arbeidande kapital er eit hinder for verdiskaping.

Han kunne fortelje at for mange av deira kundar, var formuesskatten no årsaka til at resultatet i bedrifta blei minus i staden for pluss.

– Eg er redd for at vi misser underskogen i næringslivet. Og gjer vi det, så misser vi grunnlaget for velferda til framtidige generasjonar, la han til.

Høydalsvik har kome med innspell til Øvstegård i arbeidet. Gründeren fortel at også næringssjef Odd Magne Vinjevoll har vore til god hjelp.

Fortalde historia til Listhaug
Fredag møtte Øvestegård Frp-leiar Sylvi Listhaug og fortalde si historie – og om planane for å gå til søksmål.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at eit slik søksmål skal føre fram, var hennar umiddelbare reaksjon – men la ikkje skjul på at ho var samd i synspunktet om at skatten burde fjernast.

Ho påpeika og at det ville vere interessant å vurdere saka mot EØS-reglane om å unngå forskjellsbehandling.

Sylvi Listhaug Ørsta foto Marius
ØRSTA: Frp-leiar Sylvi Listahaug møtte fleire bedriftsleiarar då ho besøkte Ørsta fredag. Foto Marius Rosbach

Frp-leiaren møtte fleire bedriftsleiarar i Ørsta. Ho fekk mellom anna høyre tidlegare PE Bjørdal-sjef Bjørn Meek fortelje korleis han opplevde at bedrifta gjekk over ende.

Han la ikkje skjul på at formuesskatten var mellom kostnadene som gjorde situasjonen vanskeleg.

Enklare å selje meiner Vartdal-sjefen
Vartdal-sjef Jan Endre Vartdal fortalde at skattebyrda også var auka for deira del, men påpeika at dei skulle klare seg. Han innrømma at det hadde blitt stilt spørsmål i familien om det enklaste no hadde vore å selt heile bedrifta.

– Personleg hadde eg fått det enklare, men så er vi patriotar og har eit lokalsamfunn og eit land vi er glade i, sa han.

Samtidig la han ikkje skjul på at lysta vert mindre, i takt med ei sterkare polarisering i den politiske debatten om næringslivsspørsmål.

Publisert: 03.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 31.12.2023 13:05

Mer om