– Ser berre gode moglegheiter
Hareid-reiarlag og Kristiansund-selskap fann kvarandre via amerikansk fond.
Måndag blei det kjent at Intership i Hareid slår seg saman med Aquaship i Kristiansund.
Når Intership får levert sine to nye brønnbåtar neste år, vil det samanslåtte selskapet vere mellom dei største i bransjen med 39 fartøy.
– Eg ser berre gode moglegheiter gjennom dette, fortel Intership-sjef Ole-Peter Brandal til NETT NO.
Kapitalsterk eigar gir vekstmoglegheiter
Om lag ti år etter han var med å starte opp Intership, står selskapet no framfor ei ny fase. I første rekke dreiar det seg om auka moglegheiter til å vekse.
– Vi har konsentrert oss om brønnbåtar og vekse mykje i det siste. Og vi ser moglegheiter til å vekse meir med ein sterk kapitaleigar i ryggen, fortel han.
Det nye reiarlaget vil ha nærare 700 tilsette. Brandal skal vere arbeidande styreleiar, medan Sverre Taknes frå Aquaship blir administrerande direktør.
Les også
Treng fleire tilsette
Investeringsfondet American Industrial Partners blir majoritetseigar i det nye selskapet. Den tidlegare leiinga i begge selskapa, blir også med på eigarsida.
Brandal meiner både dei og Aquaship også vil hauste av dei nye relasjonane med kvarandre. Han fortel at det ikkje blir store endringar i måten å drifte dei to selskapa på.
– I utgangspunktet bygger vi vidare på organisasjonane i Hareid og Kristiansund. Vi har ambisiøse vekstplanar, og er i marknaden for fleire tilsette, fortel Brandal.
I dag er Intership kring 160 tilsette og framover treng dei mellom anna mannskap til dei to nye brønnbåtane som reiarlaget får levert mot slutten av neste år.
Initiativet kom frå ny eigar
Utgangspunktet for fusjonen mellom dei to selskapa, var eit initiativ frå investeringsfondet. Dei var på jakt etter investeringar i havbruk, og meinte Intership og Aquaship var to komplementære selskap.
– Det skjedde ganske fort, og har vore krevjande og intensive prosessar. Både vi og Aquaship har veldig trua på dette, seier Brandal.
American Industrial Partners blei starta i 1988 og forvaltar for tida kring 16 milliardar amerikanske dollar på vegner av sine partnerar. Dei satsar på eit breitt spekter av industriverksemder.
Vil bygge meir – men ikkje no
Med ambisiøse vekstplanar som strategi, ligg det i korta at Intership reknar med å bygge fleire brønnbåtar i framtida. Men Brandal fortel at dei først skal «ta ein fot i bakken».
Før augneblinken meiner han det er tre faktorar som gjer at marknaden for nye kontraheringar har stoppa opp: Grunnrenteskatt på oppdrett, auka rente og galopperande inflasjon - som svekker <
Saman har dette skapt usikkerheit hos aktørane og gjort det meir kostbart å bygge nytt.
– Men behovet for fleire båtar er framleis sterkt, både i Norge, Skottland og fleire andre marknader, påpeiker Brandal.
E24/S2 Slik skal GATH styrke havbruksnæringa
Publisert: 18.12.2023 14:27
Sist oppdatert: 18.12.2023 14:27