Havila Geiranger Hotel montasje Gunther Dahler foto Ogne Marius R 22
GEIRANGER: Reiselivsdirektør Günther Dahler i Havila Hotels trur på å ta eit steg om gongen for å utvikle fleire heilårs arbeidsplassar i reiselivet i Geiranger. Dei neste åra er det planar om å ruste opp hotellet i sentrum av turistbygda. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Havila vil ruste opp Geiranger-hotell

Bygde feirar vekst i folketalet. Men reiselivsdirektør trur det vil ta tid å utvikle vinterturismen.

Marius Rosbach
14.12.2023

Etter at Havila-konsernet tok over Geiranger Hotel i 2019, har mykje dreia seg om å tilpasse drifta etter koronapandemien og ein usikker marknad.

Denne vinteren tek dei planane om å starte opprustinga opp av skuffen, og set i gong med arbeidet dei eigentleg planla å gjere for fleire år sidan.

– Vi reknar med å bruke tida frå no og fram til sesongstart neste år, på renovering som har blitt skyve på dei siste par åra, fortel reiselivsdirektør Günther Dahler i Havila Hotels til NETT NO.

Planlegg ny renovering neste vinter
I haust har Geiranger-hotellet fylt opp romma med arbeidarar som har jobba med å gjere fylkesvegen til Eidsdal tryggare for ras. No går dette arbeidet mot slutten, og hotellet vil i hovudsak ha stengt frå januar til april. Unntaket er veka under Lyskunstfestivalen i slutten av februar.

Etter neste sommarsesong – som ifølgje Dahler ser svært bra ut – planlegg Havila ei ny runde med oppussing ved Geiranger-hotellet.

– Vi har nokre areal og etasjar som vi ønsker å renovere og auke standarden på. Det startar vi truleg på neste vinter, fortel reiselivsdirektøren.

Geiranger vinter foto marius 11
FOLKEVEKST: Onsdag vart det feira at folketalet har gått opp i Geiranger med middag til bygdefolket i gågata. Foto: Marius Rosbach

Vil styrken linken til kystruteskipa
Hotelloppussinga er også eit ledd i arbeidet med å styrke linken mellom Havila Kystruten sine seglasar og hotella på land. Dahler fortel at det har vore strategien frå Havila-eigar Per Sævik, allereie frå starten av hotellsatsinga.

– På den måten håpar vi at fleire av gjestane på kystruteseglasane skal hoppe meir av og på undervegs. Det vil gi ringverknader i regionen og auka verdiskaping for fleire, seier Dahler.

Reiselivsdirektøren fortel at gjestane deira allereie ser denne moglegheita som svært attraktiv. Om det blir innført strengare utsleppskrav, kan reiarlaget sine skip truleg bli mellom dei få som faktisk får lov til å segle inn verdsarvfjorden.

– Vi jobbar med å gjere oss klare til den marknaden etter 2025, der vi mellom anna vil jobbe mot å ha same uttrykk på hotellromma som på lugarane om bord på skipa, fortel Dahler.

Ekstra innsats for vinterturisme
Fleire reiselivsaktørar har lagt ned ekstra innsats i å forlenge sesongen med turistbesøk til Geiranger. Fleire dagar i veka denne vinteren seglar Geiranger Fjordservice frå Ålesund på dagstur.

Mange av dei som er med på desse turane, er reisande frå Havila Kystruten sine skip. Dahler ser gjerne at hotellet også kan ta i mot gjestar på vinteren i framtida.

– Kystruten-gjestane våre som har teke turen med båten, har store auger, og fortel at Geirangerfjorden er magisk på ein heilt anna måte no, enn på sommaren, fortel han.

Geiranger Fjordservice Geirangerfjord II foto Marius 11
NY TILBOD PÅ FJORDEN: Etter at bilferja frå Hellesylt til Geiranger sluttar å gå på nyåret, held Geiranger Fjordservice fram med båtturar fleire gonger i veka heile vinteren. Foto: Marius Rosbach

Trur på å ta eit steg om gongen
Å utvikle ei berekraftig vinterturisme, er ikkje gjort i ei handvending.

Reiselivsdirektøren til Havila trur det er fornuftig å ta eit steg om gongen – og at reiselivet i bygda blir samde om ein felles veg og strategi framover.

– Eg trur ikkje vi bør lansere at vi satsar for fullt på vinterturisme - og så kan vi berre gi eit halvgodt tilbod. I staden bør vi samkøyre kva periodar vi meiner å kunne selje Geiranger skikkeleg, seier Dahler.

Gunther Dahler Bjørkedal 1
REISELIVSDIREKTØR: Gunther Dahler leiar Havila si hotell-satsing. Han trur det kan vere lurt å starte med å utvide vintersesongen bit for bit. Arkivfoto: Marius A. Bjørkedal

Feirar vekst i folketalet
Turistbesøket til Geiranger gir arbeid til fleire hundre personar i høgsesongen om sommaren. Utfordringa har vore å utvikle arbeidsplassar der folk kan jobbe heile året.

Onsdag samla folk i Geiranger seg til ei spontan feiring av at ting peiker i rett retning - innbyggartalet i turistbygda går no oppover.

Store delar av indre Sunnmøre slit med fråflytting, men i Geiranger har det gått motsett veg , og det siste året har innbyggjartalet i Geiranger auka med 31 personar.

Det kjem fram i årets fylkesstatistikk frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Geiranger diplom Innovasjon Norge Norsk Fjordsenter foto Marius
HEIDER: Geiranger og Stranda kommune fekk førre veke heider frå Innovasjon Norge for å ha jobba strategisk med berekraftig reiseliv dei siste åra. Foto: Marius Rosbach

– I ferd med å skje noko positivt
Ifølgje det siste oppdaterte talet, bur det no 265 personar i Geiranger. Det er verdt ei markering, meiner direktør Katrin Blomvik ved Norsk Fjordsenter.

– I dag ønsker vi å feire det vi har følt på ei stund…, at det faktisk er i ferd med å skje noko positivt i Geirangerbygda, skreiv ho i ei pressemelding i anledning dagens markering.

Onsdag dekka dei langbord i gågata i sentrum og inviterte alle i bygda til gratis middag.

Trur på samarbeid om vinterturisme
NETT NO intervjua Blomvik førre veke, i samband med at Stranda fekk utmerking for berekraftig turisme frå Innovasjon Norge.

Ho var også tydeleg på at Stranda-bygda framleis berre var i startgropa med å utvikle seg i retning heilårsturisme.

– I ein overgangsfase er det kanskje ikkje rom for at alle kan ha bedriftene sine opne heile året. Vi må finne ein balanse og ein form for samarbeid mellom dei som verkeleg ønsker å satse på vintersesongen. Då kan vi få ein infrastruktur som fungerer, sa Blomvik til NETT NO.

Publisert: 14.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.12.2023 00:52

Mer om