Nytt
Har søkt om 273 mill. til nyskapande business
Det kryr av idear frå verksemder på Nordvestlandet i lista over søknadar til innovasjonsprosjekt. Sjå kva bedriftene vil jobbe med.
Marius Rosbach
28.10.2019
Ein oversikt over søknadane til innovasjonsprosjekt i næringslivet som NETT NO har fått tilgang til, visar eit mangfald med idear til nyskaping mellom bedriftene på Nordvestlandet.
34 bedrifter eller institusjonar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane søkt om til saman 273 millionar kroner til sokalla innovasjonsprosjekt i næringslivet.
Til dømes har Vard søkt om støtte på nær 30 millionar kroner. Det vil dei mellom anna bruke på eit prosjekt om skipsautonomi og eit arbeid som skal gi lågare utslepp for både cruiseskip og supplyskip.
Prosjektet som har den høgste søknadssummen er Hellesylt Hydrogen Hub. Flakk Gruppen søker om 42,3 millionar til dette arbeidet.
Til saman er det søkt om støtte på 2,8 milliardar kroner til 352 prosjekt frå heile landet. Med andre ord vil mange få avslag når det den 12. desember blir avgjort kva for prosjekt som får støtte.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen påpeiker i ei at dei vil nytte forsking som verkemiddel for å skape nye arbeidsplassar. Ordninga er meint å gjere risikoen for bedriftene mindre når dei satsar på nye forretningsområde, produkt eller tenester.
– Prosjekta gir gevinst både for bedrifta som har prosjektet og for samfunnet, heiter det i konklusjonen frå (ekstern lenke).
Bedriftene svarte at heile 88 prosent av desse prosjekta har eit høgare ambisjonsnivå enn andre forsking- og utviklingsprosjekt. Fleirtalet av prosjekta har hatt stor betydning for utviklinga til bedriftene, ifølgje undersøkinga. To tredelar av søkarane kjem frå bedrifter med færre enn 100 tilsette.
34 bedrifter eller institusjonar frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane søkt om til saman 273 millionar kroner til sokalla innovasjonsprosjekt i næringslivet.
Hydrogen-prosjekt vil ha mest
På lista (sjå oversikt under) er den maritime industrien sterkt representert, men det er også fleire søknadar frå fiskeri og havbruk til ordninga som blir forvalta av Norges forskningsråd.Til dømes har Vard søkt om støtte på nær 30 millionar kroner. Det vil dei mellom anna bruke på eit prosjekt om skipsautonomi og eit arbeid som skal gi lågare utslepp for både cruiseskip og supplyskip.
Prosjektet som har den høgste søknadssummen er Hellesylt Hydrogen Hub. Flakk Gruppen søker om 42,3 millionar til dette arbeidet.
Les meir:
Rekordhøg pott
Regjeringa har sett av ein rekordstort pott til ordninga på 1,2 milliardar kroner.Til saman er det søkt om støtte på 2,8 milliardar kroner til 352 prosjekt frå heile landet. Med andre ord vil mange få avslag når det den 12. desember blir avgjort kva for prosjekt som får støtte.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen påpeiker i ei at dei vil nytte forsking som verkemiddel for å skape nye arbeidsplassar. Ordninga er meint å gjere risikoen for bedriftene mindre når dei satsar på nye forretningsområde, produkt eller tenester.
Møreforsking: – Ordninga verkar
Ein rapport frå Møreforsking tyder på at ordninga fungerer etter hensikta, ved at fleire prosjekt blir realisert enn det som ville ha vore tilfelle utan.– Prosjekta gir gevinst både for bedrifta som har prosjektet og for samfunnet, heiter det i konklusjonen frå (ekstern lenke).
Bedriftene svarte at heile 88 prosent av desse prosjekta har eit høgare ambisjonsnivå enn andre forsking- og utviklingsprosjekt. Fleirtalet av prosjekta har hatt stor betydning for utviklinga til bedriftene, ifølgje undersøkinga. To tredelar av søkarane kjem frå bedrifter med færre enn 100 tilsette.
Desse har søkt om støtte:
Flakk Gruppen
, 42,3 mill, Hellesylt Hydrogen Hub.Vestforsk
, 10 mill, AI and Big Data Driven MaaS (Mobility as a Service) Platform for Next-generation Urban Management.NTNU
, 9 mill, Remote Control Centre for Autonomous Ship Support.Vestforsk
, 4,5 mill, transnational Partnership for Excellent Research and Education in Disruptive Technologies for a Resilient Future.Dr. Ing. Steinar Trygstad
, 7,5 mill, miljøvennlig spennarmerte konstruksjoner med minibars.Kongsberg Maritime (Rolls-Royce)
, 9,7 mill, Propulsion for the Green Future.Maritech Systems
, 2,2 mill, automated and optimized planning for traders of farmed fish.Oshaug Metall
, 4 mill, automatisert måling og sliping av propellblad.Hybond
, 12 mill, business-driven development of new nanostructured aluminium filler metals for demanding welding and additive manufacturing,.Simas
, 2 mill, Compost4Fruit.Sea Technology,
5,7 mill, cost-effective fire resisting composite materials.Ameka,
16 mill, development of innovative customized production and assembly systems by implementing Industry 4.0 principles.Norwegian Centre of Maritime Communication
, 7,3 mill, effektiv og miljøvennlige bilfergealternativ – Embla.Kongsberg Maritime (Rolls-Royce)
, 5,5 mill, feasibility study of a concept for operating remotely controlled underwater vehicles from an unmanned surface vessel, phase 2.Optimar
, 6 mill, forske frem et maskinsyn- og maskinlæringssystem som er optimalt tilpasset for bruk i fiskeprosesseringsanlegg, ombord og på land.GC Rieber Oil
, 6,1 mill, framstilling av omega-3 og omega-7 fra norske restråstoffer.Createview
, 5,9 mill, GreatView - Utsikt til mer enn du ser.Brunvoll
, 6,5 mill, greener maritime activities: implementing the use of water based Environmentally Acceptable Lubricants in the ship industry,Axess,
11,6 mill, Inspection aided by computer vision.Svanøy Havbruk
, 3,3 mill, kombinert produksjon av konsumrogn og matfisk av ørret etter ett år i sjø.Oxyvision
, 5,9 mill, LED light concentration and ultrasound immobilization of Salmon lice in fish cages.Pipelife Norge
, 8 mill, lyddempende rørsystemer for bygninger.Vard Electro
, 3,2 mill, OPENVR – Next generation virtual reality for human-centered ship design.Vard Electro
, 13,9 mill, plattform til innføring av autonomi (PIA).Vard Design
, 6,5 mill, Plug-In Electric Zero-emission Offshore-ship,Brunvoll
, 12 mill, trygg og energioptimal autonom seilas,Paneba Dab
, 8,9 mill, utvikle et befolkningvarslingssystem fra pilot i laboratorium som viste at grunnteknologi virker, til ny teknologi i stor skala,Nordnes
, 7,4 mill, utvikling av ny trålkonfigurasjon,Sunnfjord Utvikling
, 2,5 mill, verdiskapande kundeopplevingar i kulturdestinasjonen Sunnfjord.Posicom
, 9,2 mill, VideoContext - Contextualizing video to enable efficient and high-quality remote inspection and repair procedures.Produktif Norway
, 4,8 mill, W-Click – Click-on, Click-off innovative wood connection system.Wonderland
, 13 mill, WONDerful Circular REST.Vard Design
, 5 mill, Zero emission cruise shipping.Rimfrost
, 4,5 mill, Development of a novel processs for the application of krill as alternative protein source in human nutrition.
Les også:
Analyse:
Publisert: 28.10.2019 14:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43