Sunde Fjord Hotell har lagt bak seg eit par år med kraftig vekst etter at tre lokale eigarar tok over ved starten av 2022. I fjor enda omsetninga på 12,4 millionar kroner, og vekstrenden har halde fram i år.
– I sommar har vi hatt ein kanonsesong med god lønsemd. Vi har fått mellom 15 og 20 prosent betre betalt i sommar, enn vi fekk i fjor, fortel fungerande dagleg leiar Stian Hellevik til Nett No.
Trioen Hellevik, Tor Erik Voldsund og Svein Rune Vedlog eig ein tredel kvar av hotellet med 29 rom, i tillegg til leilegheiter og restaurant.
– Vi er framleis under utvikling
Tidlegare omsette gjerne hotellet for 4-5 millionar kroner, før pilane starta å peike opp. I 2022 gjorde omsetninga eit hopp til 9,7 millionar, før den gjekk vidare opp til 11,4 millionar i 2023.
– Vi er framleis under utvikling og håpar å ta ut eit potensiale vi meiner har vore der heile tida, seier Hellevik.
Dei har sett opp tre mål for dei første åra: Auke omsetninga, tene pengar frå første dag – og få bygget i betre stand. Så langt er dei i rute på alle felt.
Saka held fram under tabellen
| Sunde Fjord Hotel AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 12,4 | 11,4 |
| Driftsresultat | 1,3 | 1,4 |
| Resultat før skatt | 0,8 | 0,9 |
Oppussing og sauna ved fjorden
Samtidig har dei investert betydelege mildar til å pusse opp etter at dei tok over.
– Dei fleste romma var eigentleg ganske bra stand, men det var eit etterslep på bad. Det har vi brukt ganske mykje pengar på å pusse opp før og etter høgsesongen, seier Hellevik.
Ein sauna i fjordkanten er ei anna investering dei har teke i løpet av det siste året.
Hellevik fortel at dei har lagt litt ekstra pengar i investeringa, som dei håpar skal løne seg. Det er plass til 14 personar – i tillegg er det to skifterom med do og dusj.
Arrangement for lokalbefolkninga
Hotelleigarane har merka godt auken frå utanlandske turistar dei siste somrane. Samtidig satsar dei på ein arrangement for lokalt besøkande gjennom haust, vinter og vår.
– Mellom anna har vi julebordsesong og ulike happenings som lutefiskaftan og ølfestival, seier Hellevik.
Om vinteren «held dei seg flytande» med innlosjering av tilsette for ulike firma.
– Det er frå mai til september ein får betalt. Resten av året handlar det om å overleve, seier Hellevik.
Trur på auka aktivitet
Hotellet ligg tett ved ferjekaia på Solavågen med utsikt mot sør til innseglinga til Hjørundfjorden.
Hellevik og dei andre eigarane har god tru på at Solavågen kan utviklast til ein større destinasjon med større aktivitet enn i dag.
Og at hotelleigarane har lokal tilknyting, meiner han er ein fordel.
– Eg trur det gjer at vi har ei sterkare drivkraft for å utvikle plassen. Så får vi sjå om vi kjem til eit punkt at vi meiner å ha gjort det vi kan – og at nokre andre skal ta over. Då kan det også bli aktuelt å selje, legg han til.
Publisert: 19.09.2025 13:14
Sist oppdatert: 19.09.2025 13:15






