Fleire vil kjoepe fjordhotell
VED FERJELEIET: Sunde Fjord Hotel er plassert like ved ferjeleiet i Solavågen, har tidlegare vore mellom dei mest lønnsame hotella i NETT NO sine resultatoversikter. Foto: Sunnmøre Næringsmegling
Nytt

Sula-hotell er selt

Lokal trio overtek.

Marius Rosbach
15.01.2022

Stian Hellevik, Svein Rune Vedlog og Tor Erik Voldsund er dei nye eigarane av Sunde Fjord Hotel.

Det melde overnatting- og serveringsbedrifta i Sula på si Facebook-side.

– Planen er å utvikle området, og satse mot både lokalbefolkning og turistar, hand i hand. Også har vi mange spennande idear og tankar, men dei får de når vi har ein dagleg leiar på plass, seier Hellevik til Sunnmørsposten.

Dei nye eigarane fortel at restauranten er ope allereie i helga med enkel meny.

Sula-bedrifta har vore eigd av familien Ågotnes i ei årrekke. Eigar og dagleg leiar Henning Ågotnes fortalde til NETT NO i fjor at han ville selje. Han tok over drifta etter si mor, Inga.


Hotellet har 29 rom, i tillegg til leilegheiter og restaurant, og hadde i fjor ei prisantyding på 14,8 millionar kroner.

Publisert: 15.01.2022 14:26

Sist oppdatert: 15.01.2022 14:37

Mer om