Sparelys Pier Paolo Piacentini Hamish Fraser Frank Arne Taklo foto marius
TRAVLE DAGAR: (frå venstre) Pier Paolo Piacentini, Hamish Fraser og Frank-Arne Taklo ved eitt av fleire pakkebord på lageret til Sparelys. Nettbutikken har opplevd stor vekst dei siste åra, og reknar med ei omsetning på nær 100 millionar i år. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Supervekst for nettbutikk på Åheim

På få år har ein sjølvhjelpt gjeng bygd seg opp til å bli ei av dei største bedriftene i Vanylven.

Marius Rosbach
26.11.2021

I fleire år har nettbutikken Sparelys på Åheim vakse jamt og trutt. Etter at pandemien kom i fjor, skaut omsetninga i vêret.

– Vi har eigentleg berre lagt stein på stein. Kvart år har vi sett på kvar vi har vore og kvar vi kan bli betre, fortel Inge Nordaune Hasz til NETT NO.

Han har rolle som styreleiar og saman med Petter André Morseth, starta han for kring 15 år sidan det som var eit nettutviklarselskap. I Brønnøysundregistera er dei framleis registrerte som Trioweb.

I år reknar dei med å snuse på 100 millionar i omsetning frå nettbutikken på Åheim.

– Vi har gjort det meste sjølv heile vegen. Vi ser på oss sjølve litt som bøndene i bygda - vi fiksar problema etter kvart som vi møter dei.

(saka held fram under)

Sparelys utendørs foto marius 11
ÅHEIM: Rimeleg lokale og låg arbeidsgivaravgift, er mellom fordelane ved å drive nettbutikk på Åheim. Sparelys starta netthandelen i bygget som ligg til venstre. Etterkvart har dei også tatt over resten av det som tidlegare var eit handelssenter. Foto: Marius Rosbach

– Likar å gjere mykje sjølv
I nettbutikken tilbyr dei smarte løysingar til hyttemarknaden, saman med det meste av elektroniske installasjonar ein måtte ønske. Marknaden er heile landet.

– Hytter har vore primærmarknaden frå dag ein. Det går mykje i solcellepanel og batteriløysingar til straumlause hytter, men vi sel også meir og meir til vanlege bustader, fortel han.

No har Sparelys-bedrifta vakse til 15 årsverk – og nokre fleire tilsette. Gründeren fortel at det er meir tilfredsstillande å tilsette ein ny eigen tilsett til å ta seg av til dømes marknadsføring, enn å leige inn tenesta. It-løysingar får dei levert av sitt eiga selskap Pim.

– Vi er ein gjeng som likar å gjere mykje sjølv, seier Hasz.

(saka held fram under)

Sparelys butikk foto marius 11
BUTIKK: Sparelys har også kundemottak der ein kan kome og handle fysisk. Smarte løysingar til hyttemarknaden er populært - og solcelleanlegg er mellom produkta som har teke av siste året. Foto: Marius Rosbach

Spent på 2022
Tidlegare i vår lanserte dei ny nettbutikk.Han meiner det begynte «å segle litt akterut» med den førre løysinga: – Her skjer det utvikling heile tida, påpeiker han.

Vi er lokalt forankra og busett her, men det har også fleire fordelar å drive på Åheim
Inge Nordaune Hasz

Sidan 2010 har Sparelys hatt ei årleg auke i omsetninga på 17-20 prosent. I 2017 låg inntektene i underkant av 30 millionar. To år seinare var dei nådd knappe 50 millionar.

I 2020 enda omsetninga på 77 millionar og eit resultat før skatt på solide 12,4 millionar (sjå tabell under). No er dei spent på korleis det komande året blir, når folk truleg igjen vil bruke meir pengar på reiser og tenester.

(saka held fram under)

Sparelys lager foto marius 11
STORT LAGER: Mesteparten av importen kjem sjøvegen til Måløy før det blir frakta til Åheim. Her har dei romslege lokaler med metervis på metervis med varer stabla i hyller. Foto: Marius Rosbach

Fleire fordelar med Åheim
Nettbutikken på Åheim har i løpet av dei siste åra vekse mykje i omsetning. Berre Roger Hofseth si fiskeriverksemd hadde høgare omsetning av bedriftene registrerte i Vanylven kommune.

– Vi er lokalt forankra og busett her, men det har også fleire fordelar å drive på Åheim, påpeiker gründeren.

Lokala fekk dei rimeleg, arbeidsgjevaravgifta er låg og logistikken med import sjøvegen via Måløy fungerer fint.

Australsk produksjonsleiar
Ulempen med å halde til så «grisgrendt» som Åheim, er tilgangen på tilsette med spesialkunnskap, erkjenner vanylvingen.

Ein av dei som har vore med «heile vegen», ar australske Hamish Fraser. Han var produksjonsleiar i eit stort selskap i heimlandet. Kjærleiken gjorde at han busette seg i Kjødepollen.

Han fortel at overgangen til salsverksemda på Åheim eigentleg ikkje var så stor.

– Forretningsprinsippa er mykje dei same, uansett om verksemda er stor eller liten. Vi har jobba med å vekse sidan eg starta for ti år sidan, fortel produksjonsleiaren.

Hamish Fraser fortel at det å vere med å bygge opp Sparelyst-verksemda, har vore ei stor motivasjon – og eit viktig bidrag til at det har vore kjekt å busette seg i Nordfjord.

– Vi er alle er stolte over kva vi har fått til, og kjenner eigarskap til alt frå korleis vi tek i mot kundane, til korleis vi skal drive, fortel han.

Sparelys
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 77,1

49,8

Driftsresultat 12,6 1,5
Res. før skatt 12,4 1,7

Publisert: 26.11.2021 11:02

Sist oppdatert: 26.11.2021 11:07

Mer om