
Har truleg ikkje samanheng med tidlegare uhell
Tidlegare har det vore problem med propell og motor. Denne gongen var det systemet som fordelar krafta om bord.
Torsdag ettermiddag går det framleis før seg undersøkingar om kva som skjedde då det oppstod varmgang om bord i Havila Polaris dagen føre.
På veg inn til Geirangerfjorden måtte skipet evakuere kring 400 passasjerar, men fekk seinare løyve til å segle til Ålesund.
Der blir skipet liggande inntil vidare. Torsdag måtte reiarlaget beklage til alle passasjerane som blir råka av den avlyste rundturen til Kirkenes.
– Både leverandøren, forsikringsselskap, Sjøfartsdirektoratet og DNV er framleis om bord. Førebels er det ikkje konkludert med noko anna, enn at vi må reparere, seier kommunikasjonsdirektør Lasse Vangstein i Havila Kystruten til Nett No.
Tekniske problem tidlegare
To gonger tidlegare har dei nye skipa til reiarlaget vore nøyd til å kansellere seglasar, som følgje av tekniske problem.
I oktober måtte Havila Pollux avbryte ein seglas nordover for å skifte ein elmotor. I desember i fjor, fekk Havila Castor problem som førte til skifte av propell.
Vangstein fortel at problemet denne gongen råka systemet som fordelar krafta ut til elektromotorane. Difor verkar det lite truleg at problema har noko samanheng.
Levert av Norwegian Electric Systems
Det er Hav Group-selskapet Norwegian Electric Systems, som har levert både framdriftssystem og kontrollsystem om bord på dei fire Havila Kystruten-skipa.
Batteripakkane om bord er levert av Corvus, og var mellom dei største i verda då fartøya var under bygging. Dei gjer det mellom anna mogleg for skipa å segla inn verdsarvfjorden til Geiranger, utan utslepp.
Passasjerar måtte skyssast vidare
Dei nær 290 overnattingspassasjerane Havila Polaris hadde om bord, har fått skyss vidare på ulike vis, ifølgje Vangstein.
Nokre har reist med buss til Molde, Kristiansund og Trondheim, medan andre har reist til Bergen for opphald der, eller vidare reise.
Kommunikasjonsdirektøren fortel at skipet truleg vil forlate Ålesund torsdag kveld. Kvar reparasjonen blir gjennomført, er det for tidleg å seie.
Publisert: 25.07.2024 13:55
Sist oppdatert: 25.07.2024 20:42