Havila Castor Geiranger foto havila kystruten 11
HISTORISK SEGLAS: Havila Castor la om til batteridrift inn Geirangerfjorden torsdag og vart det første passasjerskipet som segla inn verdsarvfjorden kun på batteri. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Kansellering og historisk seglas same dag

Kontrastar for Havila Kystruten. Sjå video frå Geirangerfjorden.

Marius Rosbach
02.06.2022

Havila Kystruten segla torsdag inn Geirangerfjorden på sin varsla historiske seglas med Havila Castor. Skipet er det første passasjerskipet går inn fjorden på batteridrift.

Havila-reiar Per Sævik var med på turen og fortel til Sunnmørsposten at det er ein «dyd av nødvendigheit» for reiarlaget å bli lagt merke til i marknaden.

(saka held fram under)

Sjå video frå brua då skipet går over til batteridrift:

Fire år før nullutsleppskrav blir innført
Skipa som Herøy-reiarlaget så langt har to av, skal ved hjelp av batteri og LNG-gass, driftast med kring ein firedel lågare utslepp enn dieselmotorar ville gitt.

I kortare strekningar – som inn Geirangerfjorden – kan skipa segle kun med batteri.

Kystruten-sjef Bent Maritin har tidlegare uttalt at reiarlaget er stolte av å gjennomføre ein slik seglas fire år før styresmaktene sine nullutsleppskrav for verdsarvområda trår i kraft.

Ny kansellering for Havila Capella
Samtidig har reiarlaget hatt ei rekke utfordringar og deira første skip, Havila Capella, ligg framleis til kai i påvente av ei anna finansieringsløysing.

Torsdag måtte reiarlaget opplyse at også neste rundtur med skipet blir kansellert. Selskapet viste til tildlegare børsmeldingar om den framleis fastlåste situasjonen.

I årsrapporten som blei sendt ut denne veka opplyste reiarlaget at dei hadde som mål å sette skipet i drift frå juni til hausten – og at ein endeleg finansieringsløysing for alle fire skipa, ville vere på plass i løpet av tredje kvartal.

Sjå video frå seglasen:

Publisert: 02.06.2022 17:29

Sist oppdatert: 03.06.2022 08:18

Mer om