Havila Castor dåp Per Sævik Foto Havila Kystruten 11
OPTIMIST: Per Sævik forsikra at han no såg lyst på framtida og at han var trygg på at drifta ville bli ein suksess. Foto: Havila Kystruten
Nytt

– Største reiselivssatsingsa i Norge på over 30 år

Havila Kystruten døypte skip nummer to – og er trygge på at nummer tre og fire er i rute.

Marius Rosbach
14.11.2022

Måndag inviterte Havila Kystruten inn til dåp og ope skip om bord på Havila Castor i Ålesund.

Havila Castor er skip nummer to av fire som reiarlaget frå Herøy skal sette i trafikk på den tradisjonsrike seglasen mellom Bergen og Kirkenes.

– Alle som står her, veit at vi ikkje berre har hatt medvind. Vi har stort sett berre hatt motvind. Men vi står framleis oppreist, og vi kjem til å levere -og levere allereie, sa administrerande direktør Bent Martini i sin tale før sjølve dåpsseremonien.

– Vi har to skip og det kjem eit tredje skip ved årsskiftet og eit fjerde skip i første kvartal, sa han.

Havila Castor dåp gudmor Aurora Sævik Foto Havila Kystruten
GUDMOR: Aurora Sævik som er dotter til Njål Sævik og borneborn til Per Sævik, var gudmor for skipet Havila Castor. Foto Havila Kystruten

Bygd i Tyrkia – med mange norske leverandørar
Det var møtt fram eit betydeleg antall på kaia for å sjå det heile. Reiarsjefen trekte også fram dimensjonane på milliardsatsinga.

– Dette er den største reiselivssatsingsa i Norge på over 30 år, sa han.

Reiarsjefen fortalde at han var takksam for samarbeidet med Samferdselsdepartementet og understreka at dei hadde same mål.

Alle skipa blir bygd ved Tersan-verftet i Tyrkia, men Maritini understreka at det óg var mange norske leverandørar om bord.

Båt nummer tre klar for måling
Også Per Sævik tok ordet. Storeigaren forsikra at han no såg lyst på framtida og at han var trygg på at drifta ville bli ein suksess.

Sævik fortalde at båt nr tre var klar for måling på Tersan-verftet. Då vil den med med andre ord snart vere klar for levering, la han til.

Bornebornet til reiaren, Aurora Sævik, var gudmor for skipet som blei døypt i fossevatn frå Geiranger – slik systerskipet Havila Capella vart førre veke.

Publisert: 14.11.2022 16:57

Sist oppdatert: 14.11.2022 22:23

Mer om