Ålesund kommunestyre foto Ålesund kommune 11
AVGJORT TORSDAG: Torsdag skulle dei 77 medlemmane i kommunestyret avgjere om Haram får sende ein søknad om å skiljast frå Ålesund.. Arkivfoto: Ålesund kommune
Nytt

Fleirtal for lausriving av Haram

Søkjer skilsmisse – men fleire krinser får bli i Ålesund.

Marius Rosbach
17.03.2022

Eit forslag frå Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista om å søke skilsmisse for Haram frå Ålesund, fekk fleirtal med 42 mot 35 stemmer i Ålesund kommunestyre.

Vedtaket som ble fatta etter meir enn fem timars diskusjon ved 19-25-tida, inneberer å søke om ei lausriving med ei grensejustering.

Vatne/Tennfjord og Søvika/Grytestranda får bli verande i Ålesund, medan det vil bli søkt om å skilje ut resten av tidlegare Haram kommune.

Sjå direktesending under:

Det var ikkje gitt at utfallet av saka i formannskapet og kommunestyremøte, blei det same. Mellom anna hadde fleire av dei store partigruppene stilt sine representantar fritt.

Møtet blei leia av varaordfører Torbjørn Krogsæter (Sp) og inneheldt ulike forslag til voteringsrekkefølge.

Høgre sette fram eit forslag som var i tråd med kommunedirekten sitt - om at Haram skulle halde fram i Ålesund. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal.

Etteerpå blei det votert over om det skulle sendast søknad om at heile gamle Haram kommune blei lausrive, eller berre kring to tredelar.

Les meir om vedtaket her (ekstern lenke)

Publisert: 17.03.2022 13:53

Sist oppdatert: 17.03.2022 21:09

Mer om