Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
17. mars skal Eva Vinje Aurdal (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp) og dei andre i kommunestyret i Ålesund seie ja, eller nei til Haram si søknad om skilsmisse. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Mange har ikkje teke standpunkt

Dei største partia har ikkje bestemt seg i spørsmålet om Haram får lausrive seg frå Ålesund. Andre er krystallklare.

Marius Rosbach
06.03.2022

Torsdag fekk politikarane eit klart råd frå folkerøystinga med knappe 72 prosent for lausriving – og 28 prosent som stemte for at Haram framleis skal vere del av storkommunen Ålesund.

17. mars skal kommunestyret i Ålesund vedta om det skal sendast ein skilsmissesøknad til Kommunal- og distriktsdepartementet. NETT NO har spurte alle partigruppene i kommunestyret om kor dei står i dag.

Rundspørringa viser at parti som representerer nær 20 av dei 77 representantane, i dag heller mot å seie ja. Det gjeld Senterpartiet, Ålesundlista, SV og Raudt.

Eit stort fleirtal svarar at dei førebels ikkje bestemt seg. Det gjeld mellom anna Arbeiderpartiet, Høgre og Frp med sine til saman 43 representantar.

Med svært god valdeltaking og ein «knusande siger» for dette standpunktet, kan eg vanskeleg sjå for meg eit anna resultat i kommunestyret
Ålesundlista

Ein «knusande siger»
Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista) fortel at han «heilt klart har bestemt seg» for å seie ja til ein slik søknad.

– Med svært god valdeltaking og ein «knusande siger» for dette standpunktet, kan eg vanskeleg sjå for meg eit anna resultat i kommunestyret 17. mars, fortel Knutsen til NETT NO.

Men partiet har ikkje hatt gruppemøte og representantane vil ikkje bli bundne i saka, legg Knutsen til.

Lisa Alvestad (Sp) er like klar:

– Ja, vi følg sjølvsdagt folkevilja, er svaret til gruppeleiaren for Senterpartiets ti representantar.

Meiner noko anna er «heilt uhøyrt»
Også Anders Lindbeck (SV) og Malena Strømmen Malakzadeh (Rødt) er tydelege på at dei vil følgje rådet frå folkerøystinga. Noko anna er «heilt uhøyrt for meg», svarar Malakzadeh.

Lindbeck påpeiker at det er avgjerande at regjeringa siller opp og dekkar kostnadene.

BDO-rapporten som greiar ut kva som kan vewre konsekvensane av ei lausriving, viser samtidig til at det er endringstrøytheit i organisasjonen.

– Det er derfor særs vikitg med eit god samarbeid med fagorganisasjonane når ny kommune skal etablerast frå 2024, legg Lindbeck til.

Geografiske skildnader
Verken Ap, Høgre, Frp, KrF eller Venstre vil gi noko svar i dag, og viser til at dei skal rådføre seg i partia før dei kjem med eit standpunkt.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) påpeiker at dei vil ta med BDO-rapporten og innstillinga frå kommunedirektøren med i vurderinga.

Gruppeleiar Tore Johan Øvestebø (KrF) meiner rådet frå folkerøystinga er tydeleg, men peiker på at dei som har røysta i Tennfjord-Vatne-området er meir delt.

- Vi har fått eit klart råd frå fleire delar av befolkninga i gamle Haram, men også litt mindre klare svar frå andre delar, kommenterer Hans Endre Sæterøy (V).

Vi har blitt kontakta av innbyggararar som ber oss om å ikkje kaste dei ut av kommunen
Monica Molvær

(saka held fram under)

Monica molvær foto Ålesund Sentrumsforening 11
HØGRE-LEIAR: Monica Molvær i Ålesund Høgre ser ikkje vekk frå at partiet vil gå inn for å halde kommunen samla som i dag. Foto: Ålesund Sentrumsforening

Peiker på at kring ein tredel vil bli
Høgre sin gruppeleiar Monica Molvær fortel at lokallaget skal samlast i Bråttvåg for å diskutere saka mot slutten av komande veke.

– Sjølv om tala er tydelege på at det er mange som vil ut, er det kring ein tredel av dei som har stemt, som ønsker å bli. Vi har blitt kontakta av innbyggararar som ber oss om å ikkje kaste dei ut av kommunen dei ønsker å vere ein del av, fortel Molvær til NETT NO.

Molvær fortel at dei vil sjå på korleis ei lausriving kan påverke heile kommunen, og viser at et Sandøy har vore tydelege på at dei vil halde kommunen samla.

– Jeg utelukkar ikkje at Høgre står på sitt opprinnelege standpunkt om å behalde Ålesund kommune som den største drivkrafta i regionen, men vi konkluderer ikkje før vi får tid til å møtast og diskutere dette saman, legg ho til.

Pensjonistpartiet Eldar Eilertsen fortel at dei ikkje har diskutert saka enno.

De Kristne og MDG har ikkje svart på NETT NO sine spørsmål. Det har heller ikkje uavhengige Arnt-Ove Tenfjord. Han starta innbyggarinitiativet om å lausrive tidlegare Haram frå storkommunen - og stemmer truleg for å sende skilsmissesøknad.

Les meir om kommunedeling på Ålesund kommune sine heimesider

Publisert: 06.03.2022 13:08

Sist oppdatert: 07.03.2022 10:29

Mer om