Eva vinje aurdal vebjørn krogsæter bystyresalen foto ålesund kommune 11
AVGJERAST TORSDAG: Torsdag 17. mars skal Eva Vinje Aurdal (Ap) og Vebjørn Krogsæter (Sp) og dei andre i kommunestyret i Ålesund seie ja, eller nei til Haram si søknad om skilsmisse. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Formannskapet sa ja til Haram-lausriving

Tilhengarane av skilsmisse mellom Haram og Ålesund vann første runde.

Marius Rosbach
15.03.2022

Tysdag skulle formannskapet i Ålesund seie si meining om lausriving av tidlegare Haram kommune. Det enda med at eit fleirtal rår kommunestyret om at Haram får sende ein søknad om å skiljast frå Ålesund.

Forslaget blei fremma av Vebjørn Krogseter (Sp) og blei vedteke med ni mot seks stemmer.

Det er ikkje gitt at utfallet av saka i formannskapet og kommunestyremøte, blir det same. Mellom anna har fleire av dei store partigruppene stilt sine representantar fritt, som gjer at det er vanskeleg å spå det endelege utfallet i torsdagens kommunestyremøte.

Sjå møtet i opptak under:

Diskuterte om dei skulle diskutere saka
Kor vanskeleg politikrane såg på saka blei klart allereie før diskusjonen starta. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) tok opp spørsmålet om dei skulle la saka gå rett til kommunestyret, i staden for formannskapet.

Ho meinte det kunne vere ein ide at dei tok kommunedirektørens innstilling – om å behalde Haram i Ålesund kommune – til førebels vitande, og at dei kom tilbake til saka på torsdag.

– Det første som slår meg er at ordføraren ikkje har bestemt seg for kva ho skal stemme på, sa Kristi Dale (Sp), og ville vite kvifor dei skulle gjere eit slikt vedtak.

Ordføraren repliserte at ho hadde fått signal frå fleire parti om at dei var i ein prosess, som gjorde at dette kunne være lurt.

Fleire av formannskapsmedlemma gjorde det klart at dei meinte saka burde gå til behandling tysdag, sjølv om utfallet truleg ikkje vil vere det same i dei to politiske organa.

– Eg trur det er ei forventing der ute om at det kjem eit signal frå formannskapet i dag, kommenterte mellom anna Bjørn Sandnes (H).

Ap har fristilt sine representantar
Svein Rune Johannessen (Ap) kunne fortelje at måndagens medlemsmøte i lokallaget om saka, var det best besøke medlemsmøtet i hans meir enn 30 år lange fartstid i partiet.

Han kunne fortelje at møtet gjekk inn for at representantane skulle stå fritt til kva dei skulle stemme i kommunestyret.

Johannessen påpeika at det difor var det både tilhengarar, motstandarar og representantar som ikkje hadde bestemt seg, i Ap si partigruppe.

Meinte saka var ei djup politisk krise

Sjølve diskusjonen starta ved 11.40-tida. Ein etter ein gjekk partia på talerstolen og la fram sine syn på saka.

Under diskusjonen følgte Tore Johan Øvstebø (KrF) opp dei utfordringane spørsmålet om lausriving hadde skapt. Han meinte saka hade utvikla seg til ei djup politisk krise med sterk mistillit mellom delar av det politiske miljøet og administrasjonen, og frå befolkninga i tidlegare Haram til politikarane.

Øvstebø sin konklusjon var at det beste vil vere om Haram får lov til å sende ein søknad om å lausrive seg – men at han framleis ville jobbe for Ålesund som ein robust storkommune.

Ulike syn i Høgre
Monica Molvær (H) gjekk på talerstolen og argumenterte for å behalde Haram i Ålesund, eventuelt ei grensejustering der delar av tidlegare Haram held fram i storkommunen.

Partikollega Bjørn Sandnes (H) kom til motsett konklusjon, sjølv om han erkjente at han trudde Ålesund-regionen ville tape på avgjerda – at han ville følgje rådet frå folkerøystinga og gå inn for lausriving.

– Når eg får eg så klinkande klar tilbakemelding frå min krets, har eg ikkje noko val, sa Sandnes - som ville stemme for å sende ein søknad til departementet om skilsmisse.

Åtvara mot grensejustering
Senterpartiet og Vebjørn Krogseter (Sp) har vore klare på dei partiet går inn for at Haram skal få lausrive seg.

Han åtvara samtidig mot å ta med ei grensejustering inn i diskusjonen, og viste til at innbyggjarinitiativet som er kome om dette, ikkje er behandla av politikarane.

Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista fremma forslag om at formannskapet skulle seie ja til deling – men med grensejustering. Det fekk ikkje fleirtal i voteringa ved slutten av møtet tysdag.

Publisert: 15.03.2022 11:34

Sist oppdatert: 15.03.2022 14:30

Mer om