Einar Warholm Dimo
DIMO: Godt sal for sals- og marknadssjef Einar Warholm i Dimo. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Hareid-selskap med stor salsauke

Har fått gjennomslag for energieffektivt hydraulikksystem.

17.11.2021

Dette opplyste sals- og marknadssjef Einar Warholm under eit møte i Fosnavåg Shippingklubb måndag.

Dimo har ei rekke produkt, men den store salsauken kjem etter at selskapet har utvikla ei meir energieffektiv og støysvak hydraulikkøysing kalla Dimo Eco Power Unit.

92 prosent energireduksjon
Systemet er frekvensstyrt og Warholm viste til svært gode testar på ferjer som trafikkerer Hareid – Sulesund. Her styrer hydraulikksystremet både baugportar og fall-lemmar.

- Vi trudde i utgangspunktet ikkje at det var så mykje å spare, men så viste det seg at det nye systemet hadde ein energireduksjon på 92 prosent.

Warholm opplyste at Dimo har hatt stor suksess med dette systemet og vunne mange ordrar til ferjer bygde i Noreg og Tyrkia.

- Ja, vi har auka salet kraftig. Sjølv om det no er fokus på batteri og andre grøne løysingar, er det også mykje å spare på satsing på meir miljøvenlege hydraulikksystem.

Testing på fiskefartøy
Warholm viste også til gode resultat ved testing om bord i fiskebåtar som Ramoen og Holmøy.

- I tillegg til ferjer og fiskerfartøy, merkar vi noa uka etterspørsel frå brønnbåtaselskap som Rostein og Sølvtrans, samt til bruk på servicefartøy innan oppdrett.

Dimo har no 39 tilsette. Hovedkontor, med produksjon og sal, er på Hareid. I tillegg har selskapet serviceverksted i Ulsteinvik og kontor i Ålesund.

Selskapet er eigd av fem aksjonærar som eig 20 prosent kvar. Desse er Stian Garnes, Asbjørn Pilskog, Harry Magnus Tingvoll, Joar Øvrelid og Ingrid Dybhavn/Nils Petter Haddal.

Publisert: 17.11.2021 17:23

Sist oppdatert: 09.05.2022 23:38

Mer om