Dimo einar warholm stian garnes
GODT FJORÅR: Dagleg leiar Stian Garnes (t.h.) og sal- og marknadssjef Einar Warholm i Dimo hadde eit nytt godt år i fjor. Mykje av suksessen baserer seg på leveringar til ferjer. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Oppturen held fram for Dimo

Nytt godt resultat gjer at Hareid-bedrifta tek millionar i utbytte.

Marius Rosbach
10.03.2021

Dimo leverte nok eit godt resultat i fjor, viser årsrapporten som nyleg blei offentleg frå Brønnøysundregistera.

Omsetninga på drygt 115 millionar kroner, er ny rekord og utgjer ei auke på drygt 11 prosent frå førre rekordår i 2019 (sjå tabell under).

Også driftsmarginen held seg på solide ti prosent for hydraulikkbedrifta som har hovudkontor i Hareid, og avdelingar i Ulsteinvik og i Ålesund.

Dimo AS
Årsresultat (i mill kr)
2020 2019
Driftsinntekter 115,6 104
Driftsresultat 10,7 11,2
Res. før skatt 10,2 10,2

Utbytte på fem millionar
Dimo har tidlegare vore forsiktige med å ta utbytte, men etter fjorårsresultatet tek eigarane ut fem millionar kroner.

– Vi har stort sett sendt alt overskot tilbake i bedrifta, og det har gjort at ingen av oss eigarane har vorte veldig kapitaliserte. Difor har vi blitt råda til å ta ut utbytte, og det var det gode moglegheiter for i år, fortel dagleg leiar Stian Garnes til NETT NO.

Selskapet er eigd av fem aksjonærar som eig 20 prosent kvar. Desse er Garnes sjølv, Asbjørn Pilskog, Harry Magnus Tingvoll, Joar Øvrelid og Ingrid Dybhavn/Nils Petter Haddal.

Garnes legg til at målet framleis er auka vekst for bedrifta som i løpet av dei siste fire åra har meir enn dobla omsetninga. Etter 2020-resultatet blei nær tre millionar sett av til eigenkapitalen, som dermed er oppe i drygt 21 millionar kroner.

Vi har hatt ein del uventa utgifter grunna korona, så resultatet kunne potensielt har vore ein del betre
Stian Garnes

Kunne ha vore betre utan korona

Dimo-sjefen fortel at dei er godt nøgd med resultatet ut frå situasjonen med koronapandemien.

– Vi har hatt ein del uventa utgifter grunna korona, så resultatet kunne potensielt har vore ein del betre, seier han.

I årsrapporten går det fram at utsiktene for inneverande år også ser gode ut, og at drifta på kort sikt ikkje vil bli påverka av pandemien i vesentleg grad. Usikkerheita ligg i kor lenge effekten av smitteverntiltaka vil vare, heiter det.

saka held fram under

Dimo hpu nett
SUKSESS-PRODUKT: Krafteiningane frå Dimo som er installert på ei rekke nye ferjer på Nordvestlandet. Foto: Marius Rosbach

Suksess med krafteiningar
Dimo hadde ei motstraums utvikling gjennom store delar av offshorenedturen.

Mykje av suksessen har kome frå utviklinga av en spesielt energieffektiv og støysvak «hydraulic power unit», eller hydraulisk krafteining på norsk.

HPU-ane, eller EPU-ane (eco power unit, journ. anm.) som dei også omtalast, er installert om bord på fleire enn 25 ferjer og gir kraft til å løfte og senke baugporten og fallemmen om bord. Samtidig har den eit vesentleg lågare energiforbruk enn tradisjonelle system.

Opna nye marknader

Dimo-sjefen fortel at suksessen med installasjonane på ferjene, har opna nye marknader.

– Dei blei utvikla til ferjer med batteri og hybriddrift, men er no også levert til brønnbåtar og ei rekkje andre fartøy. Vi har også vore i dialog om å installere slike om bord på offshoreskip, legg Garnes til.

Han fortel at dei satsar mykje på forsking og utvikling for å utvikle produktporteføljen, og bedrifta har fått støtte frå Forskningsrådet til et toårig utviklingsprosjekt.

Dimo eksteriør nett
FLEIRE TILSETTE: Hareid-bedrifta hadde 39 årsverk i arbeid i fjor - ei auke sidan fjoråret. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 10.03.2021 05:55

Sist oppdatert: 11.03.2021 17:44

Mer om