Hoegt oppe etter rush med ferjekontraktar
FERJEKONTRAKTER: Einar Warholm, Stian Garnes og dei andre i Dimo har kapra 18 ferjekontraktar det siste året. Nokre av desse har gått til dei nye ferjene som legg til eit par steinkast frå hovudkontoret på Hareid .
Nytt

Høgt oppe etter rush med ferjekontraktar

Ferjefornying har ført til nyskaping i hydraulikkbedrifta Dimo.

Marius Rosbach
20.02.2019
Berre eit par steinkast frå hovudkontoret til hydraulikkbedrifta Dimo på Hareid, gjer eitt av deira nye produkt nytte for seg på dei nye ferjene på Hareid-Sulesund-sambandet.
– Hydraulikken er framleis aktuell, sjølv om elektrifisering er i vinden, seier sal- og marknadssjef Einar Warholm til NETT NO.

Kjem på fleire nye ferjer

Dei tilsette kallar produkta HPU-ar som er den engelske forkortinga for «hydraulic power unit», eller hydrauliske krafteiningar på norsk.
– Vi har utvikla ei ny og støysvak HPU som gir kraft til å løfte og senke baugporten og fallemmen om bord, fortel Warholm.

Til saman 18 ferjekontraktar har bedrifta kapra det siste året.
Det gjer at krafteiningane snart kjem både på dei nye Sykkylven-Magerholm-ferjene, -sambandet, fem nye ferjer som Fjord1 skal sette inn i den såkalla Nordmørspakka og tre ferjer til Torghatten.

Les også:


Kutta energibruken med 90 prosent

Fornyinga av ferjeflåten med elektrisk og hybriddrivne fartøy har bidrege til den teknologiske utviklinga av produkta til Dimo.
– Då ferjekontraktane kom med nye miljøkrav, måtte vi tenkje nytt. I samarbeid med Parker – som vi også er distributør for – har vi jobba med å gjere desse HPU-ane meir energieffektive. Den vi leverer no nyttar 90 prosent mindre energi, samanlikna med ei tradisjonell eining, seier salssjef Warholm.
Ikkje minst har dei klart å korte ned tida krafteiningane er i bruk ved hjelp av frekvensstyring og programmering.
– Dei tidlegare HPU-ane måtte starte omtrent midtfjords og dei «dura» heile tida fram til ferja gjekk frå kai att. No er det slik at HPU-ane kun går når dei skal - når ferja legg til kai - og når den går att, forklarar Warholm.

Lågare støy

I produksjonshallen står fire leveringsklare krafteiningar som skal sendast til byggeverftet. Så langt har dei levert utstyr til ti av ferjekontraktane i løpet av det siste halvanna året.
Leveransane består i tillegg til sjølve krafteininga, av eit kontrollpanel på brua og framme i baugen og sylindrar.
– At vi har fått ned støyen betyr mykje for både mannskap og passasjerar om bord, seier Warholm.
Om bord i servicebåtar i oppdrettsnæringa, er lågt støynivå endå viktigare, både for mannskap og fisken i vatnet.
– Her er gjerne folk om bord i lengre periodar og utstyret er i bruk over lengre tid, og då er krav til støy svært viktig, påpeiker han.
Då ferjekontraktane kom med nye miljøkrav, måtte vi tenkje nytt

Publisert: 20.02.2019 13:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31