Oddbjørn Hatløy har leia klyngeorganisasjonen Norwegian Rooms sidan den blei etablert. No tek styreleiar Jon Daniel Nesje over som dagleg leiar medan organisasjonen leitar etter ein erstattar for Hatløy.
- Det er ein midlertidig situasjon, seier Nesje om si nye rolle.
Norwegian Rooms starta som ein klynge-organisasjon for bedrifter innan møbel- og interiørbransjen, men utvikla seg undervegs til å bli ein organisasjon som femner om all ferdigvareindustri.
Det betyr at klynga i fjor var komen til vegs ende, og måtte rykke opp til NCE-status (Norwegian Centre of Expertice) om den framleis skulle få offentleg finansiering. Det lukkast den ikkje med. Medan klyngeorganisasjonen for biomarine bedrifter, som også har base hos ÅKP i Ålesund, kunne juble over opprykk til NCE-status i november i fjor måtte Hatløy og medlemane i Norwegian Rooms konstantere at det blei avslag.
Nesje seier det viktigaste for styret og ein nye leiar blir å få gjennomslag for ein ny søknad om NCE-status.
- Dei er offensive i forhold til vidare drift, i den forstand at dei går inn med privat finansiering av drifta i 2019. I det ligg det ei klar forventning og ambisjon om å søkje NCE i 2019, sa Hatløy til NETT NO i november i fjor.
NCE-status sikrar fem millionar kroner i årleg statleg støtte i fem år framover.
Han skal mellom anna vere sparringspartnar for klyngene på ÅKP, arbeide med nye nettverk knytt til ÅKP og med digitaliseringa i næringslivet.
- Det var ein stilling som tiltalte meg, seier Hatløy om jobbskiftet.
- Det er ein midlertidig situasjon, seier Nesje om si nye rolle.
Norwegian Rooms starta som ein klynge-organisasjon for bedrifter innan møbel- og interiørbransjen, men utvikla seg undervegs til å bli ein organisasjon som femner om all ferdigvareindustri.
Satsar på NCE-status
Norwegian Rooms har hatt Arena-status i fem år, det lågaste nivået i den offentleg finansierte klyngeprogrammet.Det betyr at klynga i fjor var komen til vegs ende, og måtte rykke opp til NCE-status (Norwegian Centre of Expertice) om den framleis skulle få offentleg finansiering. Det lukkast den ikkje med. Medan klyngeorganisasjonen for biomarine bedrifter, som også har base hos ÅKP i Ålesund, kunne juble over opprykk til NCE-status i november i fjor måtte Hatløy og medlemane i Norwegian Rooms konstantere at det blei avslag.
Nesje seier det viktigaste for styret og ein nye leiar blir å få gjennomslag for ein ny søknad om NCE-status.
Satsa vidare
Då Norwegian Rooms fekk avslag på søknaden om NCE-status avgjorde medlemane at dei skulle finansiere drifta vidare, fram mot ein ny søknad til hausten.- Dei er offensive i forhold til vidare drift, i den forstand at dei går inn med privat finansiering av drifta i 2019. I det ligg det ei klar forventning og ambisjon om å søkje NCE i 2019, sa Hatløy til NETT NO i november i fjor.
NCE-status sikrar fem millionar kroner i årleg statleg støtte i fem år framover.
Går over til ÅKP
Hatløy går over til ein ny stilling i ÅKP, som seniorrådgivar med ansvar for klynger og entreprenørskap.Han skal mellom anna vere sparringspartnar for klyngene på ÅKP, arbeide med nye nettverk knytt til ÅKP og med digitaliseringa i næringslivet.
- Det var ein stilling som tiltalte meg, seier Hatløy om jobbskiftet.
Publisert: 04.03.2019 09:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32